EU og ressursane våre – ingen grunn til bekymring

Nå trenger vi flere grønne, bærekraftige og lønnsomme næringer. Fiskeri- og havbruksnæringen vil være en vesentlig bidragsyter til dette., Foto: iStock

Ein del har stilt spørsmål om EU vil ta over ressursane våre dersom vi blir med i unionen. Er det verkeleg sant? Er det nokon grunn til å frykte at EU skal «ta» olje, gass eller våre naturressursar? Eller er det berre ein konspirasjonsteori?

Eg kan med ein gong slå fast: Dette er berre tull. Det er mange argument mot EU, det er det ingen tvil om. For eksempel at landbrukspolitikken kan måtte endrast, og at tollsamarbeidet vil vere annleis. Men ideen om at EU vil ta våre naturressursar – det er rein fantasi.

Når det kjem til ressurser som olje og gass, er det Noreg som eig dei. Dette er noko vi sjølve har kontroll på. EU vil ikkje få noko eierskap til verken oljefondet vårt eller ressursane våre. Det er rett og slett ikkje slik det fungerer.

Ta berre Storbritannia som døme. Dei har vore EU-medlem tidlegare, men ingen kunne påstå at EU tok oljen deira. Eller Danmark – dei er med i EU, men har likevel full kontroll over sine eigne ressursar. Det er berre enkelt å sjå at det er Noreg som har kontrollen, og det vil vi også ha i framtida.

Så kva med betalinga til EU, då? Jo, det stemmer at som medlem vil vi bidra økonomisk til EU sitt felles budsjett. Men det er viktig å merke seg at Noreg allereie betaler mykje for å vere ein del av EØS, og vi får igjen pengane gjennom ulike prosjekter, forsking og samarbeid. Vi betaler inn, men får tilbake i form av støtte til næringsliv, infrastruktur og fleire felles tiltak som vi òg drar nytte av.

Kort sagt: Vi betalar inn til eit felles budsjett, og gjennom det får vi tilgang til dei same moglegheitene som andre EU-land. Men det handlar aldri om at EU får eigarskap til våre ressurser. Det er Noreg som held på kontrollen, uavhengig av om vi er med i EU eller ikkje.

Så til alle som undrar seg om dette: Det er ingen grunn til å vere redd. Det er eit samarbeid, ikkje eit overtak. Vi må ikkje la konspirasjonsteoriar få styre vår framtid.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre