La diskgolfen leve – til beste for folk og natur

La diskgolfen leve – til beste for folk og natur, Foto: IL Ravn Diskgolf

Striden om diskgolfbana på Eidet har utvikla seg til noko meir enn ei lokal arealsak. No handlar det om prinsipp: om frivillig innsats skal møtast med mogelegheitstenking eller byråkratiske stengsel, og om vi faktisk klarer å forvalte naturen vår med både kunnskap og klokskap.

Diskgolfbana vart etablert av IL Ravn i 2021 og har sidan blitt eit populært og inkluderande tilbod for folk i alle aldrar – utan at det har kosta kommunen ei krone. No krev kommunen at delar av bana skal fjernast, med grunngjeving i naturmangfaldlova og omsynet til eit hjortetrekk. Men dette vedtaket kviler på sviktande vurderingar – både juridisk, fagleg og praktisk.

Hjortetrekk – men kva for eitt?

I saka har det ofte vorte vist til «hjorteråsa», ein viltkorridor teikna inn på kart. Men fleire lokale jegerar og brukarar av området – som faktisk ferdast der jamleg – fortel at hjorten for lengst har endra trekkmønster. Han kryssar no nær Vatne kyrkje, der det er rolegare og meir oversiktleg. Det bekreftar også folk som var med å utarbeide den opphavlege rapporten om hjortetrekka. Kva nytte har vi av gamle kart, dersom dei ikkje stemmer med røynda?

Samtidig har kommunen sjølv lagt opp til stor ferdsel i same område som diskgolfbana. Her ligg kommunen si største skule, eit idrettsanlegg, butikkar og ei lysløype frå 60-talet. Gangvegar, traktorvegar og turløyper kryssar området på kryss og tvers. Då er det mildt sagt merkeleg at det er diskgolfbana – eit tiltak som krev minimale inngrep og lett kan tilpassast – som må vike.

Naturmangfaldlova – ikkje ei mur, men ei dør

Det blir ofte hevda at diskgolfbana er «ulovleg» og må fjernast. Men naturmangfaldlova § 48 gjev opning for dispensasjon dersom tiltaket ikkje fører til vesentleg skade, og viss ein gjer grundige vurderingar etter §§ 8–12. Dette handlar ikkje om å svekke naturvernet – tvert imot. Det handlar om å bruke lova slik ho er meint: med kunnskapsgrunnlag, heilskapssyn og skjønn.

Vi har til og med allereie vedtatt at viltkorridoren skal utgreiast på nytt, nettopp for å få på plass oppdatert kunnskap. I mellomtida burde det vere sjølvsagt at diskgolfbana får stå – i det minste midlertidig. Å krevje fjerning no, før vi veit kva som faktisk gjeld, framstår som både rigid og lite klokt.

Når dugnad blir kalla «sabotasje»

Det mest urovekkjande er likevel tonen i saka. Diskgolfgruppa har lagt ned tusenvis av dugnadstimar for å lage eit gratis og inkluderande tilbod for lokalsamfunnet. At dette arbeidet blir omtalt som «sabotasje» frå kommunen si side, er ikkje berre urimeleg – det er respektlaust. Det burde vere sjølvsagt at kommunen støttar opp om slike tiltak, i staden for å straffe dei.

Fleire lokale grunneigarar har stilt seg positive til bana, og det har aldri vore snakk om å hindre hjorten i å ferdast. Korger og teepads står spreidd, og aktiviteten skjer i all hovudsak på dagtid – medan hjorten gjerne kjem fram etter mørkets frambrudd.

Vi kan få til begge delar

Dette handlar ikkje om å velje mellom hjort og frisbee. Det handlar om å finne balanse. Vi kan ta vare på naturen – samstundes som vi tar vare på dei frivillige kreftene som bygg fellesskap og livskvalitet. Når både grunneigarar, jegerar og lokalbefolkning seier at konflikten er overdriven, bør politikarar og forvaltning lytte.

Vi ber ikkje om å avskaffe viltkorridoren. Vi ber berre om at bana får stå – fram til ny kunnskap ligg føre. Vi ber om at frivilligheita blir møtt med respekt, ikkje truslar. Og vi ber om at naturvernet blir brukt rett: ikkje som eit påskot for avvising, men som eit verktøy for samspel.

Venstre vil ha svar

Difor kjem vi i Venstre til å stille følgjande spørsmål til ordføraren i neste kommunestyremøte:

  1. Vil ordføraren ta initiativ til at kommunen utgreier hjortetrekka i området på nytt, med brei fagleg forankring og oppdatert kunnskap om ferdsel og bruk?
  2. Vil ordføraren bidra til at det blir gitt mellombels dispensasjon for frisbeegolfbanen inntil slik utgreiing ligg føre, og ei heilskapleg vurdering kan gjerast?
  3. Meiner ordføraren det er rimeleg å påleggje frivillige aktørar å fjerne ein lågterskelaktivitet, når kommunen sjølv har lagt til rette for betydeleg trafikk og aktivitet i same område – til dømes ved å nytte viltkorridoren som trasé for kloakk- og hovudvassleidninga til Tennfjord?

Det er på tide at vi møter frivillig innsats med samarbeid – ikkje motstand. Vi vil ha både natur og nærleik. Og det får vi berre til når vi spelar på lag.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre