Folkebadet: Det største økonomiske skandaleprosjektet i Haram si historie

Det har vore fleire versjoner av Folkebadet. , Illustrasjon: SE-Arkitekter

Det som no skjer i Brattvåg er akkurat det Haram Venstre heile tida har åtvara mot — berre endå verre.

Då vi stod fram og sa nei til Folkebadet, fekk vi høyre at vi var negative, framtidsfiendtlege og motstandarar av utvikling. Vi vart skulda for å mangle tru på kommunen vår. Vi vart møtt med latterleggjering, personangrep og skuldingar om at vi ikkje forstod kva eit slikt anlegg ville bety for Brattvåg.

No viser fasiten seg: Prisen på Folkebadet sprengjer alle rammer. 299 millionar kroner — nesten 100 millionar meir enn det siste prisoverslaget, som igjen var langt høgare enn det opprinnelege estimatet. Og det er endå før første spadetak er teke. Kven kan eigentleg tru at dette er den endelege sluttsummen?

Dette er ikkje berre eit bygg — det er eit gigantisk økonomisk anker som no blir festa rundt føtene på heile Haram kommune. Vi snakkar om eit driftsunderskot på mellom 15 og 20 millionar kroner i året. I tillegg kjem kapitalkostnadane. Og for å vere heilt klar: Desse millionane må vi dekke inn — år etter år — med midlar som elles kunne gått til skular, barnehagar, eldreomsorg og heilt grunnleggjande velferd.

Som om ikkje det var nok, har fleirtalet bestemt at kvar husstand i Brattvåg skal betale ein ekstra avgift på 1 000 kroner i året, i 15 år, for å dekke delar av galskapen. Det spelar ingen rolle om du er minstepensjonist, åleinemor eller småbarnsfar med dårleg råd — rekningsbunken blir større for alle.

Vi i Venstre har heile vegen peika på eit betre alternativ: Ei fornuftig, nedskalert og drivbar løysing ved Eidet skule — eit moderne svømmeanlegg for heile kommunen, til ein langt lågare investeringskostnad og utan å ruinere driftsbudsjetta for komande generasjonar. I tillegg har vi foreslått noko som faktisk byggjer framtid: Vi vil heller bruke pengane på bygging av ein heilt ny 1–10-skule i Brattvåg, kombinert med oppgradering av idrettshallen. Det vil kome alle elevar og idrettsutøvarar til gode — på ein ansvarleg måte, utan at kommunen må binde seg til ein økonomisk tvangstrøye for tiår framover.

Vi i Venstre er realistar. Difor stiller vi gjerne spørsmålet: Kan vi finne eit kompromiss? Kan vi vurdere å integrere eit enkelt, nøkternt 25-meters basseng i en ny 1–10-skule i Brattvåg? Eit anlegg som gir svømmeundervisning til alle born og unge, utan å tømme kommunekassa?

Folkebadet er i ferd med å bli den største økonomiske fadesen i Haram si historie. Og det er framtidas born og unge som må betale prisen for dette stormannsgale prestisjeprosjektet.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre