To alternative forslag til samfunnsdelen for 2025–2035 ligg på bordet. Kommunedirektøren sitt forslag er tydeleg, gjennomarbeidd og forankra i brei medverknad frå innbyggarar, næringsliv og organisasjonar. Det byggjer på FN sine berekraftmål, nasjonale og regionale krav, og peikar ut ei realistisk og ansvarleg retning for kommunen.
Mot dette står eit alternativ frå Lisa Alvestad (Senterpartiet). Forslaget inneheld mange gode ønskjer – men det sprikar i alle retningar. Det blandar saman mål, tiltak og detaljregulering på ein måte som gjer planen utydeleg som styringsverktøy. Det liberaliserer strandsoneforvaltninga i strid med nasjonale krav, opnar for spreidd busetnad utan klare avgrensingar, og set oss i fare for motsegn frå statlege styresmakter.
Endå verre: Det skapar forventningar i befolkninga om at alt kan bli betre, raskt og enkelt – utan ei realistisk vurdering av ressursane våre.
Ein kommune kan ikkje styrast med ønsketenking. Når forventningane blir større enn evna til å levere, forsvinn tilliten. Og utan tillit fell styringskrafta.
Vi treng ikkje fleire vakre ord. Vi treng ein samfunnsplan som held, når verda rundt oss krev handlekraft og langsiktig tenking.
Difor bør Haram kommunestyre velje det solide og truverdige – ikkje det luftige og uforpliktande.
Difor bør vi vedta kommunedirektøren sitt forslag til samfunnsdel.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre