Då burde det vere sjølvsagt at planarbeidet skjer med openheit, involvering og respekt for innbyggarane si stemme. Men i formannskapsmøtet i går vart eg rett og slett skremt over kor lite openheit enkelte i fleirtalet ønskjer.
Det vart diskutert om den nye høyringsrunden for samfunnsdelen skulle vere avgrensa berre til dei overordna styresmaktene – eller om den skulle vere open for alle. Eg er glad for at det til slutt vart semje om å sende planen ut på open høyring, men det er verdt å merke seg at Lisa Alvestad frå Senterpartiet argumenterte for ei avgrensa høyring, der verken innbyggarar, næringsliv eller frivillige lag skulle få kome med nye innspel.
Det er alvorleg. I ei tid der vi alle snakkar om tillit til politikken, samskaping og brei medverknad, vil altså gruppeleiaren for Senterpartiet halde døra lukka.
Det var nettopp openheit og involvering som gjorde at kommunedirektøren sitt opphavlege forslag til samfunnsdel vart eit så solid dokument: Det bygde på møter med lag og organisasjonar, eit breitt kunnskapsgrunnlag og ei digital innbyggarundersøking med stor deltaking.
At det nye fleirtalet – leia av Senterpartiet – no fremjar eit alternativ som verken bygg på dei same prinsippa for medverknad eller tek inn over seg behovet for open debatt, burde uro oss alle.
Vi skal vedta eit dokument som skal stå seg til 2035. Då er det avgjerande at vi får så mange som mogleg med oss på laget. Det får vi ikkje med lukka prosessar og smal deltaking.
Eg vil oppmode alle i Haram til å følgje med på dette arbeidet og bruke høyringa aktivt. Og eg vil utfordre alle politiske parti til å stå opp for openheit og medverknad, uavhengig av kva for forslag ein støttar til slutt.
Framtida i Haram skal vi forme saman – ikkje bak lukka dører.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre