I april 2024 lovde ordførar Vebjørn Krogsæter ei grundig gjennomgang av sjølvkostberekningane etter at vi i Venstre stilte spørsmål ved dei høge avgiftene. Vi ventar framleis på resultata.
Samtidig har ordføraren varsla at det vil kome investeringsbehov på over 150 millionar kroner for nye og oppgraderte reinseanlegg i Vatne/Tennfjord og Brattvåg. Det er store og viktige prosjekt – men vi må samstundes stille oss spørsmålet: Kven skal betale, og korleis skal det skje på ein rettvis måte?
Vi i Haram Venstre meiner:
-
Kommunen må vere heilt open om korleis avgiftene blir fastsette.
-
Folk må ikkje betale meir enn det tenestene faktisk kostar.
-
Vi treng ein oppdatert plan for investeringar og sjølvkost som gjer avgiftsnivået føreseieleg og rettferdig.
Kommunen har ikkje råd til å dytte store og aukande avgifter over på innbyggarane utan ei brei politisk drøfting. Det handlar om tillit, om rettferd – og om vanlege folk sin økonomi.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre