Dette er ei kraftfull støtte til noko vi i Haram Venstre har kjempa for heile tida. Vi har lenge peika på behovet for ein skule som tek på alvor at elevar lærer på ulike måtar – og at praktisk læring ikkje er eit «nødalternativ», men ein likeverdig veg mot meistring, yrkesliv og livslyst.
Altfor mange ungdommar fell frå fordi skulen ikkje passar for dei. Dei møter ein teoretisk og einsretta skulekvardag som verken gir meistring eller motivasjon. Dette er eit svik mot dei praktisk anlagde elevane – og mot framtidas fagarbeidarar.
Difor har vi i våre alternative budsjett føreslått:
- ei eiga praktisk linje i ungdomsskulen
- samarbeid med lokale verksemder, gardar og verkstader
- fleire kommunale lærlingeplassar
- styrkt rådgjeving og tettare oppfølging for elevar i fare for å dette ut
Dette handlar ikkje om å «sortere elevar», men om å gi fleire reelle sjansar til å lukkast – på sine eigne premiss.
Likevel har fleirtalet i kommunestyret – mellom anna overraskande nok SV og Ap – stemt ned forslaga våre. Dei har ikkje vist vilje til å prioritere dei praktiske faga i ungdomsskulen, trass i at deira eigne fagforeiningar og partnarnettverk no krev det same.
Vi i Haram Venstre kjem til å halde fram med å løfte denne saka – ikkje fordi det er lett, men fordi det er rett. Ein meir praktisk ungdomsskule er god distriktspolitikk, god sosialpolitikk og god næringspolitikk. Men viktigast av alt: Det er god skulepolitikk for dei som i dag står i fare for å falle utanfor.
No må fleire følgje etter.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre