Naturens plass i samfunnsplanen må styrkast

Naturens plass i samfunnsplanen må styrkast., Foto: Haram Venstre

Senterpartiet sitt framlegg til samfunnsdel i kommuneplanen for Haram inneheld mange gode intensjonar – men når det kjem til naturen si rolle i utviklinga av kommunen vår, sviktar det alvorleg.

Det blir brukt store ord om berekraft, klima og miljø. Likevel legg forslaget til rette for spreidd bustadbygging i utkantane, noko som aukar risikoen for bit-for-bit-nedbygging av verdifull natur. Arealnøytralitet blir omtalt som eit mål, men ikkje som eit krav. Karbonrike område som myr får berre eit svakt vern – ein skal «unngå unødig utbygging». Det er for uforpliktande i ei tid der naturtap og klimaendringar krev konkret handling.

Også strandsona og sjøområda står svakt i planen. Senterpartiet vil «utnytte handlingsrommet» for meir busetnad og næring langs sjøen. Det blir opna for havbruk så lenge det ikkje har «vesentlege negative verknader». Dette er ordbruk som i praksis betyr at utbygging får gå føre føre-var-prinsippet.

Det blir nemnt at ein ønskjer å verne biologisk mangfald og grøne korridorar, men utan ei einaste forpliktande formulering om kor, korleis eller når dette skal gjerast. Naturbaserte løysingar blir noko ein skal «vurdere», ikkje gjennomføre. Naturen treng meir enn gode intensjonar. Ho treng faktisk vern.

Venstre ønskjer at Haram skal vere ein grønn og framtidsretta kommune. Det betyr at vi må slutte å behandle natur som eit overskotsspørsmål i planarbeidet. Naturen er ikkje berre ein bakgrunn for velferd – ho er sjølve livsgrunnlaget vårt. Difor vil Venstre jobbe for:

  • Sterkare vern av myr, strandsoner og samanhengande naturområde.

  • At arealnøytralitet skal vere eit krav, ikkje eit ynskje.

  • Påbod om naturbaserte løysingar i ny utbygging.

  • Kartlegging og vern av artar og naturtypar i all arealplanlegging.

Vi har eit ansvar for å forvalte naturen slik at også framtidige generasjonar kan bu, leve og trivast i Haram. Senterpartiet sitt planforslag held ikkje mål. Det trengst ei ny retning – og eit nytt alvor – i naturpolitikken.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre