Dette er rapporten badeland-tilhengarane ikkje vil snakke om.
Kvifor? Fordi han punkterer draumen om eit stort badeanlegg i Brattvåg – både økonomisk og praktisk.
Rapporten viser mellom anna:
- At prosjektkostnaden i Brattvåg vil bli høgare, og det har vi no fått stadfesta. Dei nyaste estimata, som blei lagt fram i kommunestyret i mai 2025, viser ei kostnadsramme på 300 millionar kroner.
- At det i 2020 blei estimert eit årleg driftsunderskot på 12 millionar kroner, men at dette no har stege kraftig med nye føresetnader for straum, løn og vedlikehald.
- At Eidet gir store innsparingar, både fordi ein kan samkøyre med skule og eksisterande infrastruktur.
- At Eidet ligg meir sentralt for fleire innbyggjarar, særleg frå Skodje, Sjøholt og Moa, noko som kan auke bruken med 5.000–10.000 i året.
- At tomta i Brattvåg har store byggetekniske utfordringar, medan tomta på Eidet er flat og enkel å utvikle.
- At anlegget på Eidet vil tene fleire, gi betre folkehelseeffekt og betre læring for skuleelevane.
Likevel held enkelte fram med å presse gjennom badeland i Brattvåg – med hundrevis av millionar i ekstra kostnader og eit langt smalare nedslagsfelt. Det har etter kvart blitt ei politisk prestisjesak meir enn ei løysing for fellesskapet.
Det er på tide at vi lyttar til fakta og fag. OPV-rapporten burde vere utgangspunktet for all vidare planlegging, ikkje noko som blir gjøymt bort fordi han ikkje passar inn i eit narrativ.
Badeland er ikkje gratis. Når vi først skal bruke så mykje offentlege midlar, må vi gjere det smart.
Svaret ligg på Eidet.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre