For det er jo nettopp det vi har etterlyst heile tida: ein nøktern og realistisk tilnærming. I staden for å bruke over 300 millionar kroner på eit badeland på ei krevjande tomt midt i Brattvåg sentrum – med kostbare grunnarbeid og tekniske tilpassingar – har vi peika på alternativ.
Sjå til Øksnes kommune: Der bygde dei ein fullverdig symjehall med konkurransebasseng (25 meter), barnebasseng, terapibasseng og badstove – alt i ein enkel, funksjonell bygningskropp – for 137,5 millionar kroner. På ei flat tomt, utan å måtte flytte fjell, fylle ut eller sikre mot sjøen.
Til samanlikning viser den siste utrekninga at symjeanlegget i Brattvåg sentrum vil koste over 300 millionar kroner – sjølv med ein forenkla versjon av bygget. Ein vesentleg del av denne summen kjem av grunnarbeid og plastring mot sjøen, noko som gir ekstra kostnader på godt over 50 millionar kroner samanlikna med ei flat og lett tilgjengeleg tomt som til dømes ved ein av ungdomsskulane.
Men slike detaljar ser ikkje ut til å interessere debattanten Magne Lundemo (Ap). Han siterer OPV-rapporten som om det skulle vere ein poesiantologi: «Slik sett vil dette være viktig for stedsutviklingen og selvfølelsen for innbyggerne.» Vi ventar spent på neste avsnitt – kanskje noko i retning av «Badeanlegget vil gje oss håp, glede og forsoning i ei mørk tid»?
Spørsmålet vi bør stille, er ikkje kva som gir best utsikt frå boblebadet, men kva som gir mest symjetid for kvar krone. Det er mogleg å bygge smart og enkelt – og likevel få ei stor oppleving for brukarane. Det har andre kommunar vist. Men då må ein tore å stille spørsmål ved prestisjeprosjekt og ubehagelege prisoverslag.
For oss er det viktig at kommunen prioriterer dei prosjekta som gir mest verdi for fellesskapet – ikkje nødvendigvis dei som gir mest klang i byrommet. Badelandet må vere eit tilbod til alle, ikkje eit monument over dyr stedsutvikling og veik økonomistyring.
Vi snakkar gjerne meir om følelsar, men då må vi også snakke om tal – og kva vi faktisk har råd til.
Christian Holstad Lilleng, Caroline Kjerstad Grønli og Katrine Pernille Beite
Gruppeleiarar Venstre, Framstegspartiet og Høgre i Haram