Posisjonen snakkar om sjukefråværet – vi hadde ei løysing

Foto: Gert Stockmans/Unsplash

Haram kommune har no eit sjukefråvær på heile 12,2 prosent. Det betyr at kommunen mister nesten ein av åtte tilsette kvar dag. Kompetanse og erfaring som skulle vore brukt til å gi gode tenester, går tapt. Dette rammer ikkje berre budsjettet, men også kontinuiteten, kvaliteten – og ikkje minst: arbeidsmiljøet for dei som er igjen.

Og kven er det som står igjen og må dekke opp? Kven er det som kjenner trykket når fleire er borte? I Haram kommune er over 80 % av dei tilsette kvinner, og dei fleste arbeider i tunge og krevjande omsorgsyrke. Det er desse kvinnene Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og INP valde å overse då dei stemte ned våre forslag om målretta nærværstiltak.

Vi i Venstre, Høgre og Framstegspartiet foreslo i våre ulike budsjett å setje av opp til 1,5 millionar kroner kvart år dei neste fire åra til nærværstiltak – tiltak som skulle bidra til betre arbeidsmiljø, meir støtte i kvardagen og redusert belastning for dei tilsette. Målet vårt var realistisk og konkret: auke nærværet med 1,5 prosent i 2025, og deretter 0,5 prosent kvart år. Ifølgje tala frå kommunedirektøren ville ein prosent nedgang i sjukefråvær spart kommunen for seks millionar kroner.

Men i staden for å investere i dei tilsette og spare pengar, har fleirtalet valt å la vere å handle. Resultatet ser vi no: I første tertialrapport for 2025 slår kommunedirektør Anders Hammer fast at sjukefråværet har auka med over to prosentpoeng på eitt år – til 12,2 %. Det betyr at kommunen no tapar nærmare 14 millionar kroner i året samanlikna med situasjonen for eitt år sidan.

Vi er glade for at kommunedirektøren no set av ein heil dag til sjukefråværsarbeid på neste leiarsamling. Men vi kunne ha vore i gang for lenge sidan – med betre tiltak, meir støtte og meir tilstadeverande tilsette i omsorg, oppvekst og andre kritiske tenester.

Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at Haram kommune slit ut sine eigne tilsette. Skal vi behalde kompetansen og sikre gode tenester, må vi satse på dei som faktisk gjer jobben – kvar einaste dag.

Det handlar om arbeidsmiljø. Det handlar om kvalitet i tenestene. Og det handlar om respekt.

Christian Holstad Lilleng, Caroline Kjerstad Grønli og Kathrine Pernille Beite –
Gruppeleiarar i Venstre, Framstegspartiet og Høgre i Haram