Fontenehuset er eit lågterskel arbeidstilbod for menneske med psykiske helseplager. Det er gratis, frivillig, utan tidsavgrensing, og det gir deltakarane ein meiningsfull kvardag. Fontenehuset gjer ikkje underverk – men det gjer ei forskjell. Ein stad å høyre til. Ein plass der du kan bli sett, få ansvar og kjenne meistring.
Kommunedirektøren foreslår no å seie opp avtalen med Fontenehuset, og avslutte det økonomiske bidraget vårt. Vi snakkar om ei ordning som per i dag kostar Haram kommune ein svært liten sum – men som betyr mykje for dei få som nyttar seg av tilbodet. Ja, berre tre personar frå Haram var innom Fontenehuset i 2024, men betyr det at vi skal trekke oss? Er dette verkeleg eit tilbod vi vil kutte i – eit av dei få vi faktisk har for denne gruppa?
Det kan ikkje vere slik at berre dei mest synlege, dei med sterke stemmer og mange bak seg, skal få behalde tilboda sine. Fontenehuset er ikkje spektakulært. Det er stille, nøkternt og usynleg for dei fleste. Men for dei det gjeld, er det heilt avgjerande.
Vi i Venstre meiner det er feil å bruke oppseiingsretten vår. Det sender eit dårleg signal – til dei som slit, og til dei som jobbar for å gi eit betre tilbod til menneske med psykiske helseutfordringar.
Dersom fleire i kommunestyret no stemmer imot oppseiing, så kan vi fortsatt vere med. Vi kan vise at Haram tek psykisk helse på alvor – ikkje berre i festtalar, men i konkret handling.
Vi håper fleire vil stå saman med oss når saka kjem opp i kommunestyret neste torsdag. Nokon må vere på lag med dei som fell utanfor.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre