Idretten er eit universelt språk som ikkje krev språkferdigheiter for å delta, men som samstundes bidreg sterkt til språktrening. Dette gjer idretten til ein ideell arena for å byggje vennskap, tillit og gjensidig forståing. Når flyktningar og lokalsamfunn trenar og konkurrerer saman, blir dei kjende med kvarandre på ein djupare måte – og dei utfordrar fordommar og stereotypiar som kan eksistere. Idretten gir også flyktningar ei kjensle av meistring og meining, noko som er avgjerande for den psykiske helsa og trivselen i ei ny livssituasjon.
Vidare fungerer idretten som eit verktøy for kulturell utveksling og læring. Gjennom idrettsaktivitetar får flyktningar høve til å lære om kulturen, tradisjonane og verdiane i vertskommunen på ein uformell og inkluderande måte. Samstundes kan lokalsamfunnet lære av flyktningane sine erfaringar og kulturarv – noko som bidreg til eit rikare og meir mangfaldig fellesskap.
Difor er det avgjerande å støtte og oppmuntre idrettsaktivitetar som ein del av integreringsprosessen. Idretten fremjar ikkje berre fysisk helse og velvære, men speler også ei sentral rolle i å byggje sterke og inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg velkomne og verdsette.
Idrettslag i kommunen som tek imot flyktningar i sine aktivitetar, skal få støtte for den ekstra innsatsen det er å inkludere og integrere flyktningar i idrettslaga. Støtta skal gå til å dekke utgifter som utstyr, treningsavgifter og medlemskap – og ikkje minst vere ein symbolsk klapp på skuldra til dei frivillige idrettslaga som tek på seg denne viktige rolla i integreringsarbeidet.
Følgjande satsar for barn og unge opp til 20 år gjeld:
-
År 1: kr 5 000 per barn/ungdom
-
År 2: kr 4 000 per barn/ungdom
-
År 3: kr 3 000 per barn/ungdom
-
År 4: kr 2 000 per barn/ungdom
-
År 5: kr 1 000 per barn/ungdom
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre