La ungdom få seie si meining – og bli høyrde

Seks av de åtte i Ungdomsrådet under Ungdomsrådets besøk i kommunestyret i februar 2024., Foto: Haram Venstre

Ungdomsrådet i Haram har kome med eit godt og gjennomtenkt innspel: Dei ønskjer å få reell medverknad i fordeling av tilskot til ungdomsklubbane i kommunen. Det bør vi lytte til – og støtte fullt ut.

Ungdomsklubbane er ein viktig del av kvardagen til mange unge. Dei er møteplassar, trygge rom og arenaer for deltaking og meistring. Kven veit betre enn ungdom sjølve kva som fungerer – og kva som trengst – i tilbodet til dei unge? Når kommunen no skal fordele midlar mellom ulike ungdomsklubbtilbod, er det berre rett og rimeleg at ungdommen sjølv får ein plass rundt bordet.

Kommunedirektøren foreslår å delegere fordelinga av midlane til kulturutvalet. Det er fornuftig – men det må ikkje bli eit lukka rom der dei vaksne bestemmer åleine. Ungdomsrådet har peikt på ei enkel og god løysing: felles møte mellom ungdomsrådet og kulturutvalet før endeleg fordeling. Slik får ungdom seie si meining og vere med i prosessen, samtidig som den formelle avgjerda ligg der ho skal.

Ungdomsrådet foreslår også å ta med faktorar som oppmøte og aktivitet når midlane skal fordelast, og å sette eit øvre tak per klubb. Det er forslag som både gir rettferd og insentiv til å skape levande klubbtilbod. Med slike konkrete og konstruktive innspel viser ungdomsrådet at dei er klare til å ta ansvar. Då bør vi som folkevalde også ta ansvar – og gi dei reell medverknad.

Difor kjem vi i Venstre til å foreslå i kommunestyret at ungdomsrådet skal vere med og bestemme når midlane til ungdomsklubbane skal fordelast. Det handlar om respekt. Det handlar om demokrati. Og det handlar om å bygge tillit mellom unge og kommunen.

Skal vi ta ungdom på alvor, må vi også gi dei ei stemme der det tel.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre