Tryggleik startar med å vere nær søsken

Foto: Aaron Burden/Unsplash

I Tennfjord/Vatne-området opplever no fleire familiar at barna deira blir delte – ikkje fordi dei ønskjer det, men fordi kommunen tildeler barnehageplass på ulike lokasjonar. Eitt barn får plass ved Tennfjord barnehage, medan søskenet får plass på Vatne. Dette skjer trass i at begge barna har rett på barnehageplass.

For oss i Venstre er dette uakseptabelt.

Søsken skal få vere saman i barnehagen. Det handlar ikkje berre om praktiske utfordringar med henting og levering – det handlar om tryggleik for barna og om å gi små familiar ein føreseieleg kvardag. Å måtte forholde seg til to ulike barnehagelokasjonar er ei stor påkjenning for foreldre, og ein unødvendig vanske for barn som akkurat har teke steget inn i barnehageverda.

Difor kjem vi til å leggje fram eit forslag i kommunestyremøtet neste torsdag:
Barn i same familie skal ikkje delast mellom ulike lokasjonar. Dei skal ha rett til barnehageplass på same fysiske adresse, med mindre foreldra sjølve ønskjer noko anna. Dette skal gjelde både ved hovudopptak og ved løpande opptak.

Dersom det i ein overgangsperiode ikkje er plass til begge barna på same lokasjon, skal familien få eitt samla og mellombels tilbod – fram til begge barna kan få plass saman.

Vi støttar fullt ut arbeidet med å utvide kapasiteten ved Tennfjord barnehage. Men medan vi ventar på at nye plassar vert godkjende, må kommunen ta ansvar for å skjerme dei yngste barna våre frå unødvendig uro.

Å la søsken få vere saman er ikkje eit luksuskrav. Det er god barneomsorg – og heilt grunnleggjande for eit trygt og fungerande barnehagetilbod i Haram.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre