Sidan gjenopprettinga av Haram kommune har Venstre, og spesielt vår representant Pawel Olejnik, vore tydelege på at trafikktryggleiken må høgare opp på dagsorden. Vi har fleire gongar løfta fram utfordringar som gjeld barn og unge på veg til og frå skulen. Når over 300 elevar får ny skuleveg til hausten som følgje av skulesamanslåinga på Eidet, må vi vere føre var.
Eit konkret punkt vi er svært uroa over, er området der gang- og sykkelvegen kryssar innkøyringa til Bunnpris på Eidet. Her møter mange barn ein uoversiktleg og utsett trafikksituasjon kvar dag. I Brattvåg sentrum er det smale fortau i staden for eigne gang- og sykkelvegar – noko som gir dårlege vilkår for trygg ferdsel ikke minst med sykkel og sparkesykkel. I Søvika er det spesielt kryssinga ved Uggedalen stadion i 80-sona som utgjer ein alvorleg risiko.
Difor fremma vi i går dette forslaget:
«Kommunestyret ber om at arbeidet med ny trafikktryggingsplan blir fremskunda, slik at planen får oppstart i 2025 og kan leggjast fram for politisk handsaming hausten 2026. Planen skal vere eit styringsverktøy for det vidare trafikktryggingsarbeidet i kommunen og omfatte både haldningsskapande tiltak og fysiske tiltak.»
Det var svært gledeleg at alle partia stilte seg bak dette, og at vedtaket vart einstemmig. Dette viser at vi evnar å samle oss om det som verkeleg betyr noko – tryggleiken til dei yngste innbyggjarane våre.
Trafikktryggleik handlar ikkje berre om kantstein og asfalt, men også om medvit, haldningar og samhandling. Vi treng begge delar – og difor er dette vedtaket eit stort og viktig steg.
Takk til kommunestyret for å ta ansvar. No startar det viktige arbeidet!
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre