Det er skammeleg.
Fontenehuset gir eit uerstatteleg fellesskap for menneske som slit med psykisk helse. For fleire av våre eigne innbyggarar er dette eit halmstrå – eit lågterskeltilbod som gir meining, rutine og håp. Å avvise ein liten støtte til dette arbeidet, er ikkje berre småleg – det er eit spark mot dei som treng oss mest.
Ekstra provoserande er det at fleirtalet meiner det er heilt greitt – fordi «innbyggarane våre får bruke det uansett». Denne haldninga ropar på motstand. Kva slags signal sender vi ut når vi utnyttar andre kommunar og frivillige organisasjonar si godvilje, utan sjølv å løfte ein finger?
Vi treng ikkje fleire fine ord om «varme lokalsamfunn» dersom vi ikkje er villige til å betale prisen for dei.
Dette er eit verdival. Og Haram har i denne saka valt feil.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre