Lei oss på idretten sine vegner

Foto: Haram Venstre

I går fremma vi i Venstre eit konkret forslag om å støtte idrettslag i Haram som tek eit ekstra ansvar for integrering av flyktningar. Mange lag gjer alt dei kan for å inkludere nye barn og unge, men det krev mykje innsats – og ofte meir enn økonomien strekk til.

Dessverre valde dei andre partia å stemme ned forslaget. Vi er oppriktig lei oss på vegner av idrettslaga som står på for fellesskapet – og spesielt på vegner av Haram idrettsråd, som vedtok å søke om ei slik ordning på sitt årsmøte i fjor.

Dette hadde vore eit viktig og kraftfullt signal om at kommunen ser, verdset og støttar det arbeidet frivilligheita gjer for å ta imot nye innbyggjarar. I staden vart det eit nei.

Vi i Venstre gir oss ikkje. Det frivillige engasjementet fortener meir enn applaus – det fortener konkret støtte.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre