Vi må vite kvar vi kan kutte – før det er for seint

Christian Holstad Lilleng - gruppeleiar i Haram Venstre., Foto: Haram Venstre

Haram kommune står framfor store økonomiske utfordringar. Allereie neste år kan vi få opp mot 70 millionar kroner i auka utgifter, som følgje av rente- og avdragskostnader, meirforbruk og sviktande finansinntekter. Dette kom tydeleg fram då tertialrapporten og budsjettjusteringa vart lagt fram i kommunestyret denne veka.

Vi i Haram Venstre meiner det er uansvarleg å gå inn i budsjetthausten utan å ha oversikt over dei tyngste alternativa for kutt og omstilling. Difor foreslo vi at kommunedirektøren skal leggje fram ei eiga oversikt over strukturelle tiltak og innsparingstiltak med helårseffekt frå 2026 – i god tid før formannskapsmøtet i august. Det ville gitt både administrasjonen og oss politikarar betre grunnlag for å tenkje langsiktig, prioritere klokt og sikre betre økonomisk balanse for heile økonomiplanperioden.

Dessverre fekk vi ikkje fleirtal for dette. Posisjonen (Ap, Sp, INP og SV), Krf og tre representantar frå Høgre (!) stemte mot. Det var berre Frp og Kathrine Pernille Beite frå Høgre som støtta forslaget vårt. Resultatet er at vi no går mot ein krevjande budsjetthaust utan dei verktøya vi treng. Det meiner vi er uheldig både for økonomien og for samarbeidet mellom politikk og administrasjon.

Det skal kuttast mykje. Det veit vi. Men dersom vi ikkje ber om full oversikt over dei verkelege alternativa, risikerer vi å ende opp med kutt som verken gir varig effekt eller tek oss nærare målet om ein sunn kommuneøkonomi.

Vi i Venstre ønskjer å vere løysingsorienterte – men då treng vi oversikt, openheit og ein prosess som startar i august, ikkje i november.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre