Posisjonen opnar for å kutte i beredskapen på Lepsøy og Fjørtofta – med forslag om redusert bemanning og omorganisering under andre stasjonar. Samtidig ønskjer dei å flytte tankbil frå Vatne til Brattvåg. Alt dette skjer samstundes som Søvika og Tennfjord står igjen utan konkrete forbetringar. Det blir ein slags intern flyttesjau i brannberedskapen, der utkant blir sett opp mot utkant – og Indre Haram stadig taper.
Det mest oppsiktsvekkande er likevel det politiske ønsket om å distansere seg frå Ålesund kommune. I vedtaket hevdar dei at det er eit prinsipielt problem at Ålesund Brannvesen KF leverer tenester til Haram. I staden vil dei sjå på andre modellar og interkommunale løysingar – altså ein omkamp om organiseringa av beredskapstenestene. Det liknar meir på ein vidareføring av kampen mot kommunesamanslåinga enn eit reelt forsøk på å sikre god og effektiv brannberedskap for innbyggarane våre.
Kvar gong det er snakk om samarbeid med Ålesund, møter vi same reaksjon: Mistillit, mistenksame spørsmål og motvilje. Men dette er ikkje lenger ein kamp om kommunegrenser. Det handlar om tryggleik og beredskap – og det handlar om pengar.
Venstre støttar at vi skal ha openheit og tydelege avklaringar i store samarbeidsavtalar. Men når fleirtalet sitt svar er å utsetje, omkampe og antyde mistillit, så betalar innbyggarane i Søvika, Tennfjord og Vatne prisen – med svekka tryggleik og forseinka forbetringar. Det burde vi ikkje vere bekjent av.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre