Det betyr i praksis at ungdommen blir sett på gangen når pengar til ungdomsklubbane skal fordelast – trass i at Ungdomsrådet sjølve bad om å få vere med. Det meiner vi i Venstre er eit stort feilsteg.
Vi politikarar snakkar ofte om å inkludere ungdom, høyre på dei, involvere dei. Men det er ikkje nok med fine ord og høringsrundar. Skal vi ta ungdom på alvor, må vi også gi dei reell innverknad – spesielt i saker som direkte handlar om deira eigen kvardag og fritid.
Forslaget vårt handla ikkje om å overlate ansvaret til andre. Det er sjølvsagt kulturutvalet sine fem medlemmar som skal fatte vedtaket. Men vi meinte – og meiner framleis – at ungdommen bør få ein plass ved bordet, med rett til å uttale seg når saka blir behandla. Det ville vore både klokt og respektfullt. Ingen kjenner betre til behova blant ungdom i Haram enn ungdommen sjølve.
Å invitere Ungdomsrådet inn i diskusjonen kunne gitt betre fordelingar, sterkare eigarskap og meir engasjement. Samtidig kunne det vore eit viktig steg for å styrke rekrutteringa til lokalpolitikken.
Difor vil vi i Venstre halde fram med å jobbe for meir reell ungdomsmedverknad i Haram. Ungdom må få meir enn berre ein mikrofon i ein høringsrunde – dei må få plass rundt bordet når det gjeld dei sjølve.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre