Tysdag 24. juni delte Vestland Venstre ut sin eigen miljøpris. Prisen kan gå til ein person, ei bedrift, ein organisasjon eller ei aksjonsgruppe i fylket som har utmerka seg som forkjemparar for miljøet det siste året.
I år gjekk prisen til Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre for sitt framifrå arbeid med å skyte fart i utviklinga av berekraftige energiløysingar og teknologi for det grøne skiftet. Prisen vart delt ut av nestleiar i Venstre og toppkandidat i Hordaland, Sveinung Rotevatn.
– Katapultsenteret får prisen for framifrå arbeid med å akselerere utviklinga av berekraftige energiløysingar og teknologi for det grøne skiftet. Gjennom verdsleiande testfasilitetar og tett samarbeid med næringsliv og styresmakter, har dei gjort Stord til ein viktig arena for innovasjon innan grøn skipsfart, flytande havvind, karbonfangst og -lagring (CCS) og energiomstilling, seier Sveinung Rotevatn 1. kandidat for Hordaland Venstre og nestleiar i partiet.
Også Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre verdsatte prisen.
– Me er utruleg stolte og takksame for å få denne prisen. Me jobbar hardt kvar dag for å utvikla nye, berekraftige energiløysingar som skal komma miljøet vårt til gode. Når ein blir lagt merke til og sett pris på, får ein ny giv og ny motivasjon til å halda fram med det viktige arbeidet me gjer. Tusen takk, seier Willie Wågen, CEO i Sustainable Energy.
Prisen er ein diplom og blomar. Vestland Venstre ønskjer Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre lukke til med viktig samfunnsinnsats framover.