Storbritannia, ei av verdas største økonomiar, har ifølgje nye analysar frå Office of Budget Responsibility tapt over 40 milliardar pund i offentlege inntekter sidan dei forlet EU – nøyaktig som åtvara om av eigne økonomar. Handelen har falle med 15 %, produktiviteten har gått ned med 4 %, og det samla økonomiske tapet kan nå over 311 milliardar pund innan 2035.
Dette bør få alarmklokkene til å ringa også her i Noreg.
EØS-avtalen gjev oss meir enn vi ofte tenkjer over
Noreg er ein liten, eksportavhengig økonomi. Velferda og velstanden vår er tett knytt til tilgang til marknader, stabile rammer og felles reglar for handel og konkurranse. EØS-avtalen sikrar oss dette – men utan at vi sjølve sit rundt bordet og bestemmer.
Dersom vi forlèt EØS, risikerer vi å stå i same situasjon som britane: Mindre handel, svakare næringsliv og store kutt i offentlege tenester. Det er ikkje meir kontroll – det er mindre handlefridom.
Nok halvløysingar – Noreg må inn i EU
EØS fungerer, men han har ein stor svakheit: Vi følgjer reglane, men vi er ikkje med og lagar dei. Vi står utanfor, medan avgjerdene som påverkar kvardagen vår blir tekne i Brussel.
Difor meiner vi i Venstre at tida er komen for å ta det neste steget: Noreg må bli medlem av EU.
Der kan vi vere med og forma den grøne omstillinga, forsvarssamarbeidet, energipolitikken og tryggleiken i ein meir uroleg verd. Der kan vi vere ein aktiv del av det fellesskapet som allereie påverkar oss – i staden for å stå på gangen og venta på vedtak.
Eit val mellom påverknad og avmakt
Dette handlar ikkje berre om suverenitet. Det handlar om kva slags påverknadskraft Noreg vil ha i ei tid med klimakrise, krig og økonomisk uro. For oss er valet klart:
Brexit vart ei dyr lærepenge. Vi må læra – ikkje kopiera. Vi må velja samarbeid framfor isolasjon.
Noreg høyrer heime i Europa – og det er på høg tid at vi seier det rett ut: Vi må inn i EU.
Christian Holstad Lilleng
Stortingskandidat for Møre og Romsdal Venstre