Fråsegn: Tiltak for eit betre og meir heilskapleg barnevern

Venstres landsmøte vil styrke førstelinetenesta i barnevernet, lovfeste retten til ettervern og gi kommunar med store og gode nok fagmiljø ansvar for det som i dag er statlege barnevernsoppgåver.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Styrk førstelinetenesta
Statens Helsetilsyn sin ferske tilsynsrapport om det kommunale barnevernet syner at mange born og unge ikkje blir fanga opp til rett tid og ikkje får den hjelpa dei treng. Mange av dei unge som i dag kjem opp i alvorlege problem knytt til rus, vald og kriminalitet kunne ha unngått dette dersom dei hadde fått rett hjelp til rett tid. Venstre meiner at ei styrking av barnevernet si førstelineteneste må vere den viktigaste prioriteringa innanfor barnevernet.

Ettervern
Barnevernsborn manglar ofte det nettverket ein stabil familie gir. Difor må ikkje barnevernet sitt tilbod til ungdom opphøyre brått når ein når myndigheitsalder. I dag er det opp til kvar enkelt kommune om dei ønskjer å tilby ungdom som har vore i barnevernsomsorg ettervern.

Manglar i oppfølginga av born
Born som er i kontakt med barnevernstenester har også vanskelegare tilgong på nødvendig psykisk helsehjelp enn andre born. Det skuldast mellom anna at Barne- og ungdomspsykiatrien kan avvise saker der omsorgssituasjonen til barnet ikkje er avklart. Det gjer at barnevernet i praksis må overta denne oppgåva, ofte utan tilstrekkeleg kompetanse.
Det er også avdekka store manglar i oppfølginga av born som er under offentleg omsorg i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar.

Heilskapleg organisering
Venstre meiner dagens inndeling av barnevernet i to nivå fører til ansvarspulverisering. Venstre ønskjer ei meir heilskapleg organisering av barnevernet ut frå eit prinsipp om desentralisering til lokale styresmakter i så stor grad som råd. Både Oslo og Trondheim kommune har hatt positive røynsler med dette.

Venstre vil:
Auke løyvingane til førstelinjetenesta i barnevernet. Barnevernet må arbeide meir førebyggande og kome inn så tidleg som råd når hjelpetiltak er nødvendige.
Lovfeste retten til ettervern frå 18 til 23 år.
Overføre statens barneoppgåver til kommuner som har gode og store nok fagmiljø til ei ta ei slikt ansvar, slik at ein får eit meir heilskapleg barnevernstilbod.
Fjerne Barne- og ungdomspsykiatrien sitt høve til å avvise saker der omsorgssituasjonen til barnet ikkje er avklart
Styrke fagleg oppfølging og tilsyn med barn under barnevernet si omsorg.
Sikre at ideelle og andre private institusjonar framleis skal ha ei viktig rolle innanfor barnevernet.
Endre organisering og styring av det statlige barnevernet, slik at ein sikrar folkevald ansvar og påverknad.

Trine Skei Grande

Foto: Rune Kongsro

Venstres nestleder Trine Skei Grande kan kommentera saka. Tlf 97 17 13 10

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**