Bergen viser eit umenneskeleg ansikt

Høgrebyrådet i Bergen vil ikkje ta i mot Regjeringa si «tiggarpakke». — Dette er umenneskeleg, meiner bystyreopposisjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I revidert nasjonalbudsjett kom regjeringa tysdag med ein eigen pott på ti millionar kroner, som gjer det mogeleg for kommunar og frivillige organisasjonar å setja i verk humanitære akuttiltak som toalett og dusjar til tiggarar, melder NRK Hordaland.

Det tok ikkje lange tida før byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland frå Høgre, blankt avviste at Bergen vil ta i mot tiltakspakka.

Horn2

Foto: Mathias Fischer

Venstre er skuffa
Venstre beklagar at byrådspartia ikkje vil ta imot hjelp til betre sanitærforhold for tiggarane.

— Dette er utruleg synd, seier Erlend Horn som er fungerande gruppeleiar for Venstre i Bergen.

Han er skuffa over dei andre borgarlege partia i byen, og viser til at Høgre-styrde Stavanger har vore positive til «tiggarpakka».

— Eg beklagar på det sterkaste at dei tre andre borgarlege partia ikkje vil gje desse menneska dei mest grunnleggjande sanitære tilboda. Dette er ei av dei svakaste gruppene me har i samfunnet vårt, seier Horn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**