Venstre sitt verdisyn

Lesarinnlegg innsendt til Bygdebladet og Nordre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Ole Johan Høyberg, Haram Venstre

Foto: CHL

Eg blir av og til spurd om Venstre sitt verdisyn.

I kapittel 4 i Venstres prinsipprogram heiter det at: "Det norske samfunnet er preget av kristne humanistiske verdier og tradisjoner".

Desse verdiane har vore sentrale i utviklingane til det samfunnet vi har i dag.

Det er viktig å vere klar over at verdigrunnlaget for eit politisk parti gir føringar for den praktiske politikken.

Venstre er eit parti som legg vekt på verdiar som vidsyn, empati , toleranse og respekt.

Venstre ønsker eit varmare samfunn. Uttrykket "Folk først" frå Venstre ber bod om ein ny kurs som set folk først framfor system og særinteresser.

I praksis betyr det f.eks ei storsatsing på utdanning og ein ny næringspolitikk. Vi vil ha ein sterk offentleg skule som set den enkelte elev først. Ein skule som har høg kvalitet, både med tenleg utstyr, bygningar og med kompetente, motiverte lærarar.

Det er svært viktig med ei storsatsing på læraren. Han/ho er den viktigaste faktoren for at kvar enkelt elev skal bli sett samt få auka sine kunnskaper og nå sine mål.

Venstre vil heve lærarane sin status gjennom auka krav til kompetanse, dvs. 5 —årig lærarutdanning med rett og plikt til vidareutdanning samt auka lønsnivå. Vi vil redusere skulebyråkratiet og ha fleire yrkesgrupper inn i skulen, slik at læraren får tid til å vere lærar. Ikkje som i dag der han/ho ofte må fungere både som "psykolog" og "sosialarbeidar".

Venstre vil altså lyfte fram skulesaka spesielt. Barn og unge må bli sett og trivast på skulen. God oppseding er ei viktig forutsetning for læring. Vi må lære barn og unge, i samarbeid med foreldra, å ta vare på seg sjølve først — og så andre rundt seg. God kvalitet i skulen gir god kvalitet i arbeidslivet, til det beste for land og folk.

Dette verdisynet, som djupast sett går på å ta seg av den enkelte av oss, har diværre ikkje kome sterkt nok fram i den noverande regjeringa.

Les gjerne meir om Venstre sitt program. Godt val!

Ole Johan Høyberg
Formann. Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**