Fylkesårsmøte 2014

Gruppeleiar Kristian Stråmyr og styremedlem Malin Storholt representerte Haram Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Malin Storholt,

Foto: Kristian Stråmyr

Pål Farstad.

Foto: Kristian Stråmyr

Fylkesårsmøtet gjekk føre seg 25.-26. januar på Rica Seilet Hotell Molde.

Under den generelle politiske debatten tok Malin Storholt ordet for å understreke viktigheita av tilrettelegging i undervisninga for alle, og ikkje berre dei med diagnose. -Det er ikkje rettvis at dei som treng eige rom og utvida tid på prøver ikkje får det utan legeattest, sa ho. Ho tok òg opp ungdomsretten til vidaregåande utdanning. -Møre og Romsdal er ikkje eit av dei fylka som har søknad om utvida ungdomsrett, så om du har fått generell studiekompetanse stiller du bakerst i køa om du vil gå yrkesfag i tillegg, avslutta ho. Innlegget fekk mykje støtte, og stortingsrepresentant Pål Farstad viste til at dette var ei aktuell sak som fylkesgruppa kunne ta opp.

Sjå bileter frå fylkesårsmøtet.

I tillegg til dei to unge representantane frå Haram Venstre deltok òg Håvard Urkedal som Unge Venstre delegat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**