Til innhold

Astrid Hoffart

Helsepolitikk er viktig. Eg er særleg opptatt av at alle skal kunne få vere fysisk aktive gjennom heile livet.

Astrid Hoffart

Alder: 56 år

Privat: Gift med Lars Tjensvold. Bur på ein gard på Ytreeide. Tre born på 23,21 og 18 år.

Arbeid: Fysioterapeut med 50% driftstilskot og 40 % fast stilling i Stryn kommune.

Politisk karriere: Ingen hittil, men håper på å kome inn i kommunestyret. Eg har alltid vore politisk interessert. Dette er takka vere min far som i ein alder av 91 år, framleis følgjer med på alle valsendingar og ikkje går av vegen for ein god politisk diskusjon.

Hobbyar: Eg er glad i friluftsliv både sommar og vinter, og eg er ein ivrig brukar av det fantastiske løypenettet til Turløyper Stryn. Elles så likar eg hagearbeid og les mykje.

Politisk: Eg er oppteken av å få fleire til å busette seg både i vår kommune og i Sogn og Fjordane fylke. For å få til dette må vi ha gode skular og barnehagar. Vi må også kunne tilby byggjeklare tomtar der folk vil bu, men dette er berre rammevilkår. Det som betyr mest for at folk skal busette seg her, er at vi har arbeidsplasser å tilby. Det er derfor viktig å støtte opp om all framtidsretta næringsaktivitet. Eg er også oppteken av at vi kan halde fram med å gjeve innbyggjarane våre gode omsorgstenester når dei har behov for det.