Til innhold

Janne Kjærstad

Vi må oppretthalde gode helsetilbod, med legar, helsestasjonar, jordmor og ambulanseteneste både i indre og ytre.

Eg er 43 år gammal, gift med Tom og har tre born mellom 4 og 11 år. Eg jobbar som lærar ved Hauge oppvekst og bur i Dalen i ytre Bremanger.
Eg har valt å stå på Venstre si liste også denne perioden. I Venstre er det engasjerte og dyktige personar som har gjort ein god jobb i dei 4 åra som har gått og laga eit godt valprogram å jobbe utifrå dei komande åra. Eg ynskjer at Bremanger skal vere ein kommune som unge ynskjer å flytte til og som skal vere ein god plass å bu for dei som alt er her. Det er sett i gong opprusting av uteområda ved fleire skular, noko som er innbyr til leik, læring og trivsel både på skulen og på fritida. Desse må gjerast ferdige, slik at ein har naturlege møteplassar for både små og store. Å ha gode møteplassar er viktig for å kunne møte kvarandre, bli kjende med og inkludere tilflyttarar. Det er også viktig å oppretthalde gode helsetilbod både i indre og ytre delar av kommunen.