Til innhold

Karina Brunstad Fet (1995)

Sykkylven, ein næringsvenleg kommune!

Som etternamnet til Karina hinter om, så er ho sykkylving. Etter vidaregåande gjennomførte ho førstegangsteneste i 2015 og reiste deretter til Spania for å studere spansk. Tilbake i Noreg tok Karina utdanning innan økonomi og forretningsjus på BI i Oslo. I 2020 bytta ho ut storbylivet mot heimbygda Sykkylven, og begynte å jobbe i privat næring; nærmare sagt på Amatec. Det er nok der ho henter “driven” til å jobbe for betre tilrettelegging av eit aktivt og framtidsretta næringsliv, ei av hennar hjartesaker. Karina ser tett samanheng mellom næringslivsutvikling og klima- og miljøpolitikk foreint i ei grøn omstilling, og ho gjer også dette til ei hjartesak som ho vil jobbe for lokalpolitisk. Som heimkomen frå store og livlege Oslo så ønskjer ho seg også i Sykkylven eit levande sentrum med fleire møteplassar for folk i alle aldersgrupper.

Karina er ein positiv og inkluderande person med mange innovative og flotte idéar for samfunnsutviklinga i Sykkylven. Som heimflyttar kan ho forstå behova og ønskje til den unge generasjonen som gjerne vil komme tilbake til Sykkylven og etablere seg her – men som møter utfordringar då kommuneutviklinga ikkje alltid legg godt nok til rette for dei endra behova til den yngre befolkninga.

-Mitt største mål for Sykkylven er at det skal vere ein plass der unge trivst og ønskjer å busette seg, seier Karina. -Då må vi legge til rette for utvikling og nyskaping i lokale bedrifter, beskytte den unike naturen vår og ha eit aktivt sentrum tilpassa folk som bur her.