I haust er det stortingsval, og Lena Landsverk Sande er Møre og Romsdal Venstre sin førstekandidat.
Lena har vore ordførar i Vanylven sidan 2015. Ho er fembarnsmor og bur på gard, er utdanna lærar og er distriktoptimist.
Lena har til saman 14 år bak seg i ulike politiske verv. Ho har brei erfaring innan kommunal drift; som lærar, serviceleiar, stabsleiar og rektor. Ho er glad for å ha fått lov til å prøve seg i mange ulike roller. Kvar nye problemstilling har ført til ny læring, som er god ballast i møte med nye menneske og nye utfordringar.
– Alle treng å bli sett – og verdsett
Politisk brenn Lena for menneska – frå dei minste borna, til dei pleietrengande eldre. Aller nærast hjartet ligg skulen. Ho framhevar at ressursen som ligg i einskiltmennesket er umåteleg stor. Ho står fast på at alle kan bidra med noko, og at vi alle treng å bli sett – og verdsett – som det mennesket vi er. Sjølv om dei fleste av oss heldigvis har det godt, må vi prioritere å hjelpe dei som treng litt støtte på vegen, og gjere vårt beste for å bidra til eit godt liv for alle. Vi må hegne om den fridomen og verdigheita det gir å kunne gjere eigne val i eige liv. Ingen klarar alt, men alle kan bidra med noko. Totalt sett vil vi kunne dra eit tyngre lass om alle tek i litt.
Næringslivet i Møre og Romsdal
Vidare er Lena svært opptatt av næringslivet i Møre og Romsdal. Den maritime næringa treng forutsigbare rammevilkår, og det vil Lena jobbe for frå Stortinget. Bu- og arbeidsmarkedsregionane må utvidast, og både utdannings- og arbeidsplassar må desetraliserast.
Lena arbeider best saman med andre, og er også bevist på at hennar rolle som folkevald også handlar om å lytte. Det er saman vi finn dei beste løysingane, noko vi ta med oss i ei tid vi veit byr på store utfordringar både i Møre og Romsdal og i Noreg.
Valløfter
Venstre går til val på tolv valløfter. Alle elevar skal ha rett på kvalifiserte lærarar, og fleire skal fullføre vidaregåande opplæring er to av dei, som heng tett saman.
Stem Venstre
Vel du Venstre si liste til valet i år gir du Lena ein sjanse til å få bidra. Ho lovar å stå på, undersøke breitt og ta andre med på råd. Heile vegen med fokus på det beste for våre innbyggarar.
Di stemme tel! Stem Venstre!
Lena i sosiale media:
Facebook: www.facebook.com/politikarlena
Instagram: @politikarlena
Twitter: @lenalandsverk