Til innhold
På lag med framtida
Lena Landsverk Sande

På lag med framtida

Vanylven

Tarzanjungelen - Åheim skule
Åheim skule – Tarzanjungelen

Vanylven Venstre ynskjer at kommunen legg til rette for ein god skule, spreidd busetnad, eit godt variert næringsliv, og at vi arbeider for å oppretthalde eit godt omsorgs- og rehabiliteringstilbod til dei som treng det.

Venstre vil at vi skal verne om naturen. Det tyder ikkje at vi skal stanse utviklinga av kommunen eller næringslivet, men vi må sørgje for at utvikling og verdiskaping ikkje går på bekostning av naturen. For å oppretthalde eit godt lokalmiljø, er det viktig at flest mogleg kan bidra og inkluderast i arbeidslivet. Vi ynskjer eit mangfald av aktivitetar, slik at alle finn noko dei kan trivast med. Kulturen, idretten og frivilligheita må få fridom til å utfalde seg.

Desse områda er viktige for Venstre:

  • Skule og opplæring

    Utdanning er nøkkelen til ei betre framtid. Difor er utdanning alltid ein prioritet for Venstre. Elevane sin skulekvardag skal vere prega av meistring og motivasjon. Utdanning er nøkkelen til fridom og moglegheiter seinare i livet.
    Venstre vil
    • at alle elevar skal møte ein kvalifisert lærar.
    • sørge for at kommunane prioriterer auka lærarløn.
    • at elevane møter eit lag av lærarar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiarar og andre dei kan stole på.
    • at alle elevar har god tilgang på varierte og oppdaterte læremidlar, både digitale og fysiske, på nynorsk.
    • ha gode og moderniserte skulebygg også i Syvde og på Åheim.
    • behalde dagens skulestruktur med 1-10 på Åheim, 1-10 samla i eitt oppgradert bygg på Myklebust og 1-7 på Fiskå.
    • oppgradere bassenga i Syvde og på Åheim

    Venstre er opptekne av å ta vare på dei gode skulane vi har, og det nærmiljøet der skulen ligg. Vi har sterke fagmiljø på skulane våre slik dei er i dag, som også gir lærarane høve til å lære og utvikle seg vidare fagleg.
    Venstre ynskjer å gjere noko for å forbetre byggtilhøva på Myklebust skule, slik at vi får ein samla skule og eitt samla kollegium ved skulen i Syvde, med eit skulebygg tilpassa behova skulen har. Dette arbeidet ynskjer vi skal skje i tett dialog med våre ungdomar, med tilsette, tillitsvalde og FAU.

  • Ei næringsvennleg kommune

    Venstre vil sørge for at kommunen er næringsvennleg og serviceinnstilt. Sakshandsaming må gå raskt og hjelpe fram dei som vil skape nye arbeidsplassar. Vi vil jobbe for vidareføring av låg arbeidsgivaravgift.
    Venstre vil
    • vidareføre Vanylven Utvikling, slik at næringslivet har ein eigen tilretteleggar på plass for å svare på spørsmål og hjelpe.
    • sikre vidareføring av lokalt næringsfond i kommunen.
    • sikre nyoppstarta bedrifter tilgang på kontorareal i ei oppstartsfase.
    • oppretthalde Åram-ferja.
    • behalde minimum dagens ferjetilbod, jobbe for døgntilbod.
    • realisere Rovdefjordsambandet.
    • oppstart Stad skipstunnel.
    • ha næringslivssatsing som følge av Stad skipstunnel.
    • ha buss-innmatingsrute til Fram Ekspress.
    • gjere det tryggare for gåande og syklande Eidså sentrum.
    • oppgradere Åheimsbrua
    • jobbe for betre nett- og straumtilgang i Vanylven
    • legge til rette for folkerøysting dersom spørsmålet om vindkraft kjem opp att i kommunen

  • Omsorg og rett til hjelp når ein treng det

    Eit trygt og nært helsetilbod av høg kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. For at alle skal kunne leve eit godt og sjølvstendig liv lenger, må samfunnet førebyggje meir og reparere mindre innanfor både psykisk og fysisk helse.
    Venstre vil
    • oppgradere sentralidrettsanlegget på Eidså, vår Monsiade-arena.
    • ha tilgjengeleg ungdomskontakt.
    • ha eit lågterskeltilbod for ungdom og vaksne med psykiske plager
    • stimulere til å ta ansvar for eigen busituasjon, og leggje til rette for nye typar bustadar med meir fellesskap.
    • prioritere heimerehabilitering, for raskare tilbake i form etter sjukdom og skade.

  • Levande lokalsamfunn

    Venstre vil at vi skal verne om naturen. Det tyder ikkje at vi skal stanse utviklinga av kommunen eller næringslivet, men vi må sørgje for at utvikling og verdiskaping ikkje går på bekostning av naturen. For å oppretthalde eit godt lokalmiljø, er det viktig at flest mogleg kan bidra og inkluderast i arbeidslivet. Vi ynskjer eit mangfald av aktivitetar, slik at alle finn noko dei kan trivast med. Kulturen, idretten og frivilligheita må få fridom til å utfalde seg.
    Venstre vil
    • sikre god dialog med idrettslaga og frivilligheita.
    • ha kulturtilsette i kommunen.
    • opne for vidare utbygging i Kvia.
    • bygge sentrumsnære bustadar på Fiskå, Åheim og i Syvde.
    • prioritere vegvedlikehald og trafikktryggingstiltak.
    • vidareføre heim for ein 50-lapp
    • ha fleire ladestasjonar i kommunen
    • ha kommunal støtte på 100.000 til førstegongsetablerarar

Våre folk