Til innhold

Lene Drabløs Strand

 

Født 1990 oppvokst på Drabløs i Dalsfjorden.

Ho bur i Syvde der ho jobbar som lærar på Myklebust barne- og ungdomsskule. Ho ynskjer å jobbe for eit levande og samla Vanylven. Vanylven kommune skal vere ei flott kommune å bu i uavhengig av alder eller kvar i kommunen du bur.

Ho er særleg opptatt av barn og unge sine oppvekstvilkår, og at Vanylven skal vere ein plass ein ynskjer å flytte tilbake til. For å få til dette må vi lytte til dei unge i kommunen, det er dei som er framtida! Vanylven kommune har heldigvis gode barnehagar og skular med kvalifisert bemanning. Dette må vi ta vare på! Framover må vi fokusere på å ha gode nok fasilitetar i dei bygdene det er vedtatt å ha skule. Skal vi få småbarnsfamiliar til å flytte hit treng vi også å ha nok kommunale barnehageplassar.