Til innhold

Rakel Rise Hallset

Eg er 42 år gamal, gift, 3 born og bur i Svelgen.
Jobbar som Stilling som laboratorieingeniør ved Elkem Bremanger. Medlem av Bremanger Venstre grunna breidda og mangfoldet i medlemsmassen – dette gjer ei avstand frå ekko-kassa ein fort kan befinne seg i ved ein diskusjon. Har ei fast tru på at grunnlaget for dei gode beslutningane kjem ved å belyse og vurdere flest moglege moment i ei sak. Til det treng ein synspunkt frå alle delar av kommunen, ulike aldersgrupper, ulike erfaringsgrunnlag og frå alle kjønn, samt moglegheit for å ytre seg utan frykt for å dumme seg ut. Dette har eg funne i Venstre. Hjartesaka er utvikling. Robust og bærekraftig utvikling av gode tjenester frå, av – og til innbyggjerane i Bremanger Kommune. Framtidsretta utvikling av samferdsle. Tilrettelegging for robust og bærekraftig utvikling av næringsliv. Tilgong til utvikling av kompetanse hjå innbyggjerane i distriktet Bremanger Kommune