Tema Levande lokalsamfunn i heile landet

Venstre vil ha levande lokalsamfunn i heile landet. I store delar av landet går det godt, og Venstre ønskjer å oppretthalde og styrke mulegheitene for å leve gode liv, uansett kvar i Noreg du bur. Byar og distrikt er gjensidig avhengige av kvarandre – Noreg er på sitt beste når vi står saman! Venstre ønskjer å rive ned kunstige skilje mellom by og distrikt, og vi skal føre ein heilskapleg politikk for heile landet!

Venstre vil bygge sterke distrikt som kan leie an i omstillinga av norsk økonomi inn i ei berekraftig framtid. Vi må bygge vidare på vår kunnskap om fornybare næringar, teknologiutvikling, hav- og kystnæringar, og hente ut det beste landet har å by på. Då må kunnskap, kompetansemiljø og verdiskaping byggast ut med nærleik til naturressursane – som ein samla nasjonal strategi. Det er summen av kva vi får til i heile Noreg som vil gjere Noreg leiande i innovasjon og utvikling, og som vil vere Noreg si ryggrad inn i framtida.

Venstre vil løfte fram kreativiteten, skaparkrafta og kunnskapen som finnast i distrikta. Styrking av distrikta handlar om ei heilskapleg og brei satsing på nye arbeidsplassar, gode rammevilkår for eksisterande næringar, god tilgang til tenester, utdanning og fysisk og digital infrastruktur. Vi treng trygge og gode forbindelsar på kryss og tvers i Noreg, og ei god fordeling av statlege arbeidsplassar som dannar eit solid grunnlag for å utvikle heilskaplege, varierte bu- og arbeidsmarknader over heile landet.

Vår vidare velferd vert bygt ved å hente fram det beste heile landet har å by på!