Ingen åndeutdriving i Arendal kommune

Beburarar, tilsette og pårørande skal ikkje plagast med kvakksalvarar, “klebeåndutdrivarar” og anna tull, slik Agderposten kan fortelle frå Madshaven bo- og dagtilbud 19. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Eg er glad for at tillitsvalte, einingsleiar og kommunalsjef seier klart frå at oppdraget blei avslutta så fort dei fekk greie på det. At ein totalt uvedkomande person går rundt i fleire dagar og fortel at (sitat) "Mye av tiden ble brukt til å kartlegge de ansattes livssituasjon. Åndene er jo med dem hjem fra jobb, og i privatlivet" er skremmande.
"Åndeutdrivaren" ønsker "mest mulig åpenhet og debatt rundt temaet". All honnør til Agderposten som lar "husrenseren" uttale seg og på den måten bidrar sterkt til å avsløre kor vanvittig tullete dette er. Dei som bur og arbeider på institusjonar i Arendal skal føle seg trygge på at dei ikkje blir plaga med slikt.

Jan Kløvstad, Venstre
Nestleiar i helse- og omsorgskomiteen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**