Vårt Sogn og Fjordane

Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang og Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo, Foto: SFJ Venstre

2015 kan bli starten på ei ny tid for Sogn og Fjordane. Oljedominansen som har prega norsk økonomi i fleire tiår held på å sleppe taket. Statsministeren varslar at ei kraftig omstilling av norsk økonomi er på veg – og at omstillinga vil vere grøn. Noreg har sett ambisiøse klimamål for 2030 som krev ny næringsutvikling og omlegging på nær sagt alle samfunnsområde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Dette burde vere som manna frå himmelen for Sogn og Fjordane. Vi er eit fylke som alltid har “sprunge etter” i oljeøkonomien, og berre slåst om smulane frå dei olje-rike borda lenger sør på Vestlandet og i Oslo/Akershus.

 

I den nye grøne økonomien er det annleis. Her kan vi gå i front. Sogn og Fjordane har enorme fornybare energiressursar og energiselskap med lokalt eigarskap, FoU-kapasitet og kompetanse. Framveksande nye, kunnskapsbaserte næringsklynger på veg fram. Ein kyst som skapt for ein ny gullalder for fiskeri, havbruk og nye marine næringar. Eit av verdas mest attraktive reisemål: Fjordane. Ein skule av dei beste i landet. Og kraftkrevjande industri for ei ny tid: Aluminium, silisium og grøn datalagring – byggesteinar i den nye grøne økonomien.

 

Og ikkje minst: No – i 2015 – har vi omsider sjansen til å få tak i folka som trengs for å gripe mulegheitene! Dei neste åra er ikkje lenger alle unge ingeniørar og andre utdanna ungdommar “låst inne” i ei oljenæring med lønsevne som utkonkurrerer anna næringsliv. Fleire vil vere på leit. Fleire vil sjå mot Sogn og Fjordane – gitt at vi klarer å vere ein stad der ungdom ser for seg at dei kan leve ut draumen sin. Der dei kan finne den perfekte kombinasjonen av det gode liv og ei attraktiv karriere. Vere på ein stad som satsar på å vere først inn i framtida – ikkje sist ut av fortida.

 

Det er her avgjerda om å tillate sjødeponi i Førdefjorden av 250 millionar tonn gruveavfall er så katastrofal. Å dumpe avfall i sjøen høyrer fortida til. At eit politisk fleirtal i Sogn og Fjordane med opne auge vil tillate slikt, seier noko om eit verdsbilete og eit syn på eige fylke som står i skarp motstrid til dei verdiane ungdom står for og ynskjer å bli knytte til i framtida.

 

Eit fjorddeponi i Førdefjorden har ingen plass her. Tvert imot: Det kan fort bli “elefanten i rommet”: Det som gjer at mange unge ikkje vel Sogn og Fjordane, men i staden vel å flytte inn til byar som Oslo, som no tek mål av seg til å bli verdas grønaste hovudstad.

 

Det burde skreme vatnet av fylkes-førstedamene Åshild Kjelsnes (Ap) og Jenny Følling (Sp) når over 500 ungdommar på eitt døgn mobiliserer til innlegg i avisene om at sjødeponi i Førdefjorden for dei symboliserer Fortidsfylket, ikkje Framtidsfylket. Det burde gjere inntrykk sjølv på SFj Høgres frontfigurar Arve Mjømen og Bjørn Lødemel når medie-Noreg på brei front – lokalt, regionalt og nasjonalt – slaktar regjeringsvedtaket om fjorddeponi i Førdefjorden.

 

Kjære Åshild, Jenny, Arve og Bjørn: Dette er alvor. Det handlar ikkje om rare påfunn frå nokre skarve aksjonistar. Det handlar om ei nokså samla verd rundt oss som ikkje skjønnar kva Sogn og Fjordane driv med. Og endå verre: Våre eigne ungdommar reiser seg i protest.

 

Venstre går til val til Fylkestinget i haust med eit enkelt, men krevjande, slagord: Ungdom først. Vår oppmoding i Engebø-saka er enkel: Det er ikkje for seint. Det er inga skam å snu – snu krafta i ungdomsopprøret mot sjødeponi til noko positivt.

 

Tenk at hundrevis – snart tusenvis – av ungdommar frå Sogn og Fjordane mobiliserer for ei framtid dei kan sjå seg sjølve som ein del av i eige fylke! For ei framtid med kompetansearbeidsplassar, rein natur og grøne næringar. Tusen unge menneske som brenn for Sogn og Fjordane – som vil kjempe, ikkje gi seg over, ikkje la eit kinesisk eller saudiarabisk gruveselskap høvle Engebøfjellet ned i fjorden for knappar og glansbilete.
Venstre er klare til kamp. Det er no det gjeld – for fjordane og framtida!

 

Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat for Venstre

Alfred Bjørlo, fylkestingsrepr. og sentralstyremedlem i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**