“Herr Hitler är en förulämpning”

31. mars 1995, 50 år etter at Torgny Segerstedt døde, blei det tatt initiativ til å etablere Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne i Göteborg. Sidan har stiftelsen gitt ut årsskrift, oppretta eit professorat ved Göteborgs universitet og delt ut ein fridomspenn kvart år, til minne om den uredde anti-nazisten og liberalaren Torgny Segerstedt. Artikkelforfattaren Jan Kløvstad, nå stortingskandidat for Venstre i Aust-Agder, var aktivt med i etableringa av stiftelsen for å heidre Torgny Segerstedts minne — og fremje ideane hans.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

31. mars 1945 døde den svenske redaktøren, publisisten, liberalaren og nazimotstandaren Torgny Segerstedt. Segerstedt blei fødd i Karlstad i 1876, og døde i Göteborg. Han var ikkje den einaste stemmen mot nazismen i Sverige, men den mest kjente, den klaraste stemmen. Han opplevde ikkje freden, han som hadde stridd så mange år mot nazistane. "Herr Hitler är en förulämpning" skreiv Torgny Segerstedt i Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning 3. februar 1933, tre dagar etter at Hitler blei utnemnt til rikskanslar i Tyskland. Riksminister Göring sendte eit tysk statstelegram med protest dagen etter. Segerstedt trykte telegrammet i avisa og skreiv ein kommentar: "Den ton hr Göring använder, är utan tvivel den för honom den enda naturliga. Den är den på kaserngården rytande sergantens."

Segerstedt blei ein legende i Norge og Danmark under andre verdskrigen. Under heile krigen blei Göteborgs Handels- och Sjöfartstidende smugla inn i Norge, som viktig informasjons- og inspirasjonskjelde for den norske motstandskampen. Også britane heldt seg orientert om Segerstedts artiklar. Frå den britiske konsulen i Göteborg blei Segerstedts artiklar telegrafert kvar kveld til Ministry of Welfare i London, der informasjonsoffiseren sat klar for å bringe telegrammet vidare til Winston Churchill. Churchill brukte artiklane for å vise at det var noen utanfor England som støtta opp om kampen mot nazismen.

Torgny Segerstedt slo an tonen alt 9. april 1940: "Varje minut bringar nye underrättelser om de händelser, vilka utspelas på skandinavisk mark. Som svarta stormfåglar komma de, en efter en. Är det ragnaråk, som de förebåda? Kanske. Glöm bara inte att efter ragnarök följde en ny himmel och en ny jord.”

Og vidare: "Nu flyga olycksbuden, de komma tätt. Deras skara skall tunnas och flykten snart gå i motsatt riktning."

Feige svenske sosialdemokratar, tyskvenleg konge

Slik heldt Segerstedt fram. Han oppmoda til strid mot nazistane. Han hevda retten til den frie tanke og til aldri å gi etter for det tyske presset. Det var ofte ein einsam strid. I september 1940 var det riksdagsval der det svenske Arbeidarpartiet vann stort, med Per Albin Hansson som statsminister. Dagen etter blei Segerstedts avis stoppa av sensuren. Dei svenske sosialdemokratane turde ikkje vise det verkelege feige ansiktet sitt før valet, men lot sensuren slå til straks valet var vunne. Mange i handelsstanden i Göteborg var redde for inntektene sine, og gjekk til annonseboikott. 27 professorar i Lund, der Segerstedt hadde arbeidd tidlegare, protesterte mot det dei kalla Segerstedts ubalanserte skriverier Advokatar og velkjente skipsreiarar i Göteborg skreiv opprop mot han. Den sosialdemokratiske regjeringa var ettergjevande "nøytrale" til krigsmakta Tyskland mens troppane blei frakta på "hemmelege" tog gjennom Sverige til frontane i Norge. Men delar av fagrørsla støtta etter kvart opp om Segerstedt. Kong Gustav V var tyskvenleg og ikkje det heilt store intellektuelle geni. Kongen forsøkte å påverke Segerstedt til ikkje å skrive meir om nazismen. Det fanns jo så mykje anna å skrive om enn akkurat verdskrigen og Hitler, sa kongen. Kong Gustav V ville slutte opp om tyskarane før første verdskrigen. Under andre verdskrigen lykkønska svenskekongen Hitler gong etter gong. Torgny Segerstedt skreiv i 1944: "Man har understundom det intrycket, att Stockholm med slottet, kanslihuset och f.d. arvfurstens palats, är en forstad til Berlin".

"Konung Haakon svek icke när det gällde"

Etter kvart blei han truga av sivilkledte vaktar som følgde etter han. Venner blei avhøyrte av politiet, og både Segerstedt og barna hans blei telefonavlytta. Det kom stadige trugsmål mot avisa og sensuren forlangte blanke sider der han hadde skrive grundige artiklar om motstandskampen. 12. mars 1942 stod for eksempel berre overskrifta igjen av hovudartikkelen på første side. Overskrifta var "I norska fängelser och koncentrationsläger".

Slik provoserte han makta, og inspirerte ikkje minst den norske motstandskampen. Han var også sjølv inspirert frå Norge. Han var norsk gift, med Augusta Synnestvedt. Dei gifta seg i Oslo på ettermiddagen 7. juni 1905, etter at Segerstedt først hadde brukt formiddagen til å lytte til debatten i Stortinget om unionsoppløysinga. Augusta Synnestvedt fekk mykje å seie for Torgny Segerstedt. Ho lærte han mellom anna eit lysare religiøst syn, og introduserte han for Ibsens forfattarskap.

Mens han meinte at den svenske kongen var undermåls både intellektuelt og moralsk, skreiv han om kong Håkon (1. august 1942): "Konung Haakon svek icke när det gällde. Hans börda var tung. Han blev stor genom att bära den. Han blev en kraftkälla för det folk, som genom sin oböjliga livsvilja kom inkränktarnas anslag på skam. Norges folk och konung höra oskiljaktigt samman. De har gemensamt rest sig det stoltaste minnesmärke, som Nordens historia känner."

Biografiar, stiftelse og fridomspenn

Etter krigen kom det ut biografiar om Torgny Segerstedt både i Sverige og Norge, og svenske biografiar blei omsette til dansk. Norske studentar reiste byste av han i Oslo, i universitetshagen ved Karl Johans gate. Segerstedt betydde mykje for norske studentar under andre verdskrigen. Segerstedts rolle var sterkt med på å betre forholdet mellom Sverige og Norge, etter at det nøytrale Sverige hadde vore så ettergjevande og latt nazistane bruke Sverige som trafikkstrekning for tyske tropper.

Eit monument er reist på Vasaplatsen i Göteborg. Der står dei klassiske orda frå 9. oktober 1940: "De fria fåglarna plöja sig väg genom rymden. Många av dem nå kanske ej sitt fjärran mål. Stor sak i det. De dö fria."

Eit enda viktigare minnesmerke er Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne, som svenske og norske liberale venner tok initiativet til i 1995. Kvart år deler stiftelsen ut ein fridomspenn til publisistar som sloss for demokratiet og den frie tanken. Mellom vinnarane er Arne Ruth, Eva Moberg, Cordelia Edvardson, Astrid Lindgren og Göran Rosenberg (2004). Ved Göteborgs Universitet er det oppretta eit eige Torgny Segerstedt-professorat, der Asbjørn Eide ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo har fått æra av å vere den første professoren. I vår tar professor Rhoda Howard-Hassman, menneskerettsekspert frå McMaster University i Ontario i Canada, over.

"att ständigt förnya og föryngra sig"

For Segerstedt var enkeltmennesket og tankens fridom det sentrale. Namnet hans lyser i kampen mot nazismen. Og han var like kritisk til kommunismen. Så tidleg som i 1921, mens mange kommunistar og arbeidarpartifolk sverma for Lenin, skreiv Segerstedt om Lenin at "Det bud han bar löd på blod och hunger och förintelse. Stor var han som förintare. Stor var tragiken i hans värk och hans öde. Ännu större var tragiken i det öde, som genom honom beskärdes hans folk."

Sjølv oppsummerte Torgny Segerstedt haldninga si slik: "Den enda idé som håller genom tiderna är den liberala åskådningen emedan den bottnar i människotankens förmåga att ständigt förnya och föryngra sig." Det er i denne tradisjonen stiftinga arbeider for å bruke Segerstedts tankar om eit moralsk grunnlag for alle politiske system, alle kulturrar og ideologiar.

(Kronikk om Torgny Segerstedt, 31. mars 2005)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**