Jan Kløvstad

08.01.2007 Bystyremedlem frå 2007.Frå 2011 medlem i bystyret og helse- og omsorgskomiteen. Varamedlem til fylkestinget. 2007-2011 gruppeleiar for Venstre i bystyret, varamedlem til formannskapet, planutvalet og administrasjonsutvalet, medlem av helse- og omsorgskomiteen. Skjulestad, 4849 Arendal 55 år, gift, 2 barn. Mobil 91 80 82 56 jan.klovstad@venstre.no



Foto: Venstre
Jan Kløvstad har arbeidd som fylkessekretær i Noregs Ungdomslag, kultursekretær, forlagssjef i Noregs Boklag og marknadskonsulent i Det Norske Samlaget, sekretær for Alko-Kuttkampanjen, informasjonsjef i Venstre, direktør i Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd, direktør for Grønlands Kulturhus - Katuaq i Nuuk i Grønland, 1999-2009 som kultur- og miljøsjef i Tvedestrand. Frå sommaren 2009 40% prosjektleiar i Bokbyen ved Skagerrak og 40% fylkessekretær for Agder Venstre.

Bøker:
Han har også skrive bøkene "Lutefisk" (1988) saman med John Moberg, "Glede og hugnad, samarbeid og dugnad. Aust-Agder ungdomslag 1896-1996" (1996) , "Ild, begeistring og varme. Om første folkehøgskolen på Sørlandet" (2000), vore hovudforfattar og redaktør av "Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Norge" 1986, "Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996" (1995), redigert "Norsk humor" (1995) saman med Herbjørn Sørebø og redigert og skrive ei rekke bøker om kulturhistorie, humor, færøysk, grønlandsk og nordisk kultur. I 2006 og 2007, mellom anna artiklar i "Åsta i våre hjerter." Vennebok til Åsta Holth utgitt til 100-årsminnet februar 2003, "Trés bien" - Kristian Blak 60 år, forlaget TUTL, Færøyane, "Katuaq 1997-2007", forlaget Milik, Grønland og i "Oplevelser. Koblinger og transformationer", Aalborg Universitetsforlag, 2006, artikkel i "Estland-Norge 25 år", september 2010. Redaktør av "Spøkefugl og alvormsann - Øyvind Bjorvatn 80 år", april 2011.



Verv:
Jan Kløvstad har hatt mange verv i Venstre, Foreningen Norden og Noregs Ungdomslag på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk plan, og i Liberal International. Styremedlem i det Norske Samlaget 1986-1988. Han har også vore styremedlem i Nordisk Informasjonskontor Sør-Norge (2001-2007), ITCIP- International Training Institute of Indigenous Peoples (hovudsete Nuuk/Ottawa) (1999-2009), Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand og Kystkulturuka (1999-2005)i Tvedestrand og styremedlem for ungdoms- og musikkfestivalen Skodje Fjord Cadenza i oppstartingsperioden. I 1995 var han mellom initiativtakarane til Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne i Göteborg. I 2004-2005 var han også medlem av Jørgen Løvland-nemnda for å løfte fram Venstre sin statsminister i Stockholm i 1905. Medlem i styringsgruppa for Sørlandets litteraturpris.

Leiar i Arendal Venstre 2003-2011. Medlem av Kunstnarleg råd for Dei nynorske festspela i Ørsta 2005-2007.

Styremedlem Sørnorsk filmsenter frå hausten 2008, sakkyndig i Nordisk kulturfond 2008-2010, norsk sekretær for Letterstedtska föreningen frå 2009.

Prisar:
4H-plaketten for fullført 4H-program 1975
Sparebankens initiativpris i Aust-Agder 1982 for arbeid med hjelpesendingar til Polen (saman med Ingeborg og Per Haakstad),
Ole Vig-prisen 1987 for frivillig ungdomsarbeid og arbeidet med Aksjonen Norge mot Dounreay,
reiselivsprisen på Færøyane 1994,
og er utnemnt til turistambassadør for Grønland.
Tildelt Sokneprest Andersson-Ryssts pris i 1999 for samarbeid mellom Norge, Færøyane og Island.



Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092