Vil kutta klimautslepp med 50% innan 2030

Venstre vil ta ansvar ved å gjere kampen mot klimaendringer til vår viktigaste sak i lokalvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Global oppvarming er det største trugsmålet i vår tid. Difor må vi handla no. Med noverande politikk frå regjeringa Stoltenberg, vil ikkje Norge klara sine pliktar i høve til Kyoto-avtalen.

Natur, vær, lyn

Foto: Microsoft

Hordaland Venstre vil kutte klimagassutsleppa med minst 50 % innen 2030.Hordaland fylke må laga ein forpliktande handlingsplan som gjer Hordaland til foregangsfylke i kampen mot klimatrugsmålet.

Venstre krev følgjande tiltak:
– det må etablerast konkrete planar for rensing av klimagassutslepp og av alle store utsleppspunkt i Hordaland
– i løpet av 2007 må det lagast ein plan for meir produksjon av fornybar energi i Hordaland. Tilretteleggjing for bioenergi, fjernvarme, vindkraft osv. er viktig for å redusere klimagassutsleppa både i og utanfor kommunane
– innnan 2010 skal offentlige kjøretøy vere utsleppsfire eller utsleppsnøytrale til dømes ved at kommunane skal kjøpe eller lease el-kjøretøy eller bio-kjøretøy
– klimagassutsleppa frå verksemdene i Hordaland skal innan 2014 vere lik null gjennom bruk av utsleppsfri teknologi/rensing.
– høgfartsbaner må byggjast for å redusera flytrafikken
– det skal vera fyllestasjoner for biodrivstoff i heile Hordaland innan 2010
– innan 2010 skal søppelhandtering i heile Hordaland vere miljøvenleg og utsleppsfri
– innan 5 år skal vi ha miljøvenleg oppvarming og energisparing i alle offentlege bygg i Hordaland
– kollektivsatsinga skal aukast
– arealplanlegginga skal brukas aktivt for å redusera og effektivisera transportbehovet
– på kort sikt redusera reisetiden og auke komforten på Bergensbana

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**