Miljøpris til Folkeaksjonen hev u-864

Hordaland Venstre sin årlege miljøpris vart i år delt ut til aksjonsgruppa “Folkeaksjonen hev u-864”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Miljøpris i Bergen til Folkeaksjonen hev u-864

Foto: Kari Østervold Toft

Prisen vert kvart år delt ut til ein organisasjon eller einskildperson som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.

– Aksjonsgruppa “Folkeaksjonen hev u-864” har vist at lokalt miljøengasjement nyttar, seier fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy.

– Aksjonen har over tid vist eit sterkt og vedvarande engasjement for å få heva u-båt vraket, sier Mangerøy.

– Det er flott at Hordaland Venstre deler vår miljøengasjement i denne saka, seier leiar for aksjonsgruppa “Folkeaksjonen hev u-864”, Marie Karlsen.

Prisen, som er eit diplom og eit keramikkfat, vart delt ut på verdas miljødag tirsdag 5. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**