2.utkastet til programmet klart

2.utkastet til fylkesprogram for 2015-2019 er endeleg klart. Frist for endringsforslag vert mandag 26.januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Programkomiteen er no klar med 2.utkastet til fylkesprogram for 2015-2019. Dette skal no behandlast av fylkesårsmøtet 7. og 8. februar.

– Vi har jobba oss gjennom over 70 innkomne endringsforslag, så engasjementet har vore bra. No ynskjer vi oppmode om at dei som kjem med endringsforslag kjem med konkrete forslag og ikkje berre meiningsytringar – det vil gjere jobben til redaksjonskomiteen enklare, seier Synnøve Handeland, leiar i programkomiteen.

Synnøve Handeland

Foto: Kari Østervold Toft

– Vi treng eit namn på programmet, så dersom nokon har gode forslag vert dei varmt velkomne, fortsett Handeland.


Programmet kan du lese her.

Alle endringsforslag som leverast må sjå slik ut:

Forslagsstiller: Navn Navnesen
Type forslag: Tillegg/Endring/Stryking
Stad: side x, linje y
Tekst: Tekst “blalala” vert endra til tekst “trlala”

Endringsforslag sendast til [email protected], innan 26.januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**