Spør om Honvesvegen

Det er ikkje godt nok at Honvesvegen pr. i dag ikkje er noko anna enn ein blindveg! Etter raset på den kommunale vegen, som gjorde at E16 vart stengt i ein periode, er det ikkje lenger mogleg å nytta vegen eller sykla rundt Vangsvatnet. No spør Venstre om kva som skal skje med strekninga. Les meir her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I samband med interpellasjonen om sykkelmidlar, vel Voss Venstre òg å spørja om stoda for Honvesvegen. Etter raset på den kommunale vegen er det ikkje lenger mogleg å sykla rundt Vangsvatnet. Her er fleire som syklar denne strekninga dagleg til arbeid og skule, og svært mange vossingar syklar årvisst eller oftare rundt «Vangsen» i løpet av våren og sommaren.

For mange familiar er dette ein akkurat passe dagstur, og mange turistar tar turen på eigen eller leigd sykkel.

Det samanhengande sykkeltilbodet rundt Vangsvatnet er med andre ord svært viktig for svært mange. Det er også svært viktig for Voss Venstre, og det bør vera like viktig for Voss kommune.

Mellom anna for å få midlar til Honvesvegen, meiner Voss Venstre det er avgjerande at Voss kommune allereie no søkjer om framtidige sykkelmidlar.

Difor spør Voss Venstre Ordføraren om:

Kan Ordføraren gjera greie for kva som vert gjort for å opna Honvesvegen, evt. mellombelse tiltak for syklande?

Kan Ordføraren gjera greie for om det kan vera aktuelt å søkja midlar frå den nye ordninga til å setja til dømes Honvesvegen i stand så fort som mogleg?

Knut Olav Nestås, Voss Venstre

venstrelogo

Foto: venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**