Ynskjer satsing på beredskap og atterreising etter flaumen

I kommunestyremøtet torsdag 20. november spør Venstre-representantane Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås mellom anna om Voss kommune sine beredskapsplanar, og om vidare strategi for å atterreisa til dømes Tintrabrua og Rongavegen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Venstre-representantane har fire spørsmål til ordføraren på torsdag, og i interpellasjonen skriv Ytrefjord og Nestås:

Interpellasjon kommunestyremøtet 20.nov. 2014:
Beredskapsplanar, status m.v.

Venstre-repr. T. Gunnarson spurde i FPL 24.04.om kommunen har oppdaterte beredskapsplanar, og om KST kunne få eit kort notat om dette. Ordføraren svarte at beredskapsplanane er under stadig oppdatering. Spørsmålet om notat blei ikkje avklara.

Spørsmåla er dessverre blitt svært aktualisert gjennom den dramatisk naturkatastrofen Voss og andre kommunar har vore gjennom, og som det var vanskeleg å sjå rekkevidda av før ein stod midt oppe i det. Likevel opplevde me at både kriseleiing, sivilforsvar, naudetatar og den jamne vossing, gjorde ein flott jobb for å minimera skadane.

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

I fortsetjinga er me truleg alle interesserte i å vita kva me kan gjera for å evaluera, læra og førebu oss betre til neste gong. For dessverre tyder mykje på at det ikkje blir 500 år til neste storflaum. Det bør få konsekvensar knytt til både tenkinga ikring noko så konkret som beredskap lokalt, så vel som ny giv i klima- og miljøpolitikken.

I paragraf 1 i forskrift om kommunal beredskapsplikt heiter det:«Forskriften skal sikre at kommunen ivaretar befolkningens sikkerhet og trygghet. Kommunen skal jobbe systematisk og helhetlig med samfunnssikkerhetsarbeidet på tvers av sektorer i kommunen, med sikte på å redusere risiko for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdier. Plikten omfatter kommunen som myndighet innenfor sitt geografiske område, som virksomhet og som pådriver overfor andre aktører.» (lovdata.no)

I undersøkingar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har gjort, peikar dei m.a. på at planane i mange kommunar manglar heilskaplege risiko- og tryggleiksanalyser, og manglande samarbeid mellom etatar i beredskapsplanane (Kommuneundersøkinga, 2014:6).

Me ønskjer difor å spørja ordføraren om følgjande:

1.Tilfredsstiller Voss kommune dei vesentlege krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt?

2.Me reknar med at mogleg skadesituasjonar og planar vil bli evaluert etter flaumen. Korleis er denne vurderinga tenkt gjort?

Voss: Nestås

Foto: Stine Hernes

3. Vil ordføraren syta for at KST får eit notat om hovudpunkta i beredskapsplanane?

4.Kan ordføraren seia noko om kva kostnadar flaumen vil medføra for kommunen, kva som vil bli kompensert gjennom forsikringsordningar og/eller Naturskadefondet, og f.eks. korleis oppattbygging av t.d. Rongavegen og ei ny Tintrabru kan skje?

Med venleg helsing

Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås, Voss Venstre

Les òg om saka i dagens utgåve av avisa «Hordaland».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**