Nei til reservasjonsmoglegheit for fastlækjarar

Debatten gjekk friskt i kommunestyresalen då saka om reservasjonsretten var oppe til behandling. Pål Midtsæther Grødahl og Aase Ulla snudde formannskapets ja til kommunestyrets nei.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Då saka var oppe til behandling i formannskapet, var tilrådinga frå rådmannen at Ulstein kommune skulle seie ja til forslaget om reservasjonsrett for fastlækjarar ved tilvisning til abort. I eit tverrpolitisk samarbeid gjekk Lisa-Mari Andersson (Sp), Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) og Heidi Strand (H) saman om eit forslag i Formannskapet som sa nei til reservasjonsrett. Forslaget fell med tre mot fire stemmer.

Pål Midtsæther Grødahl

Foto: Per Eide

Pål Grødahl stemte nei i formannskapet, på grunn av den siste setningen i forslaget. Den sa at Ulstein kommune, om reservasjonsretten ble vedtatt nasjonalt, ikkje skulle tilsette fastlækjarar som ønskte å reservere seg. Grødahl meinte dette ville vere ei særordning for Ulstein kommune, og som ville gjere saka endå meir uoversikteleg.

Pål Grødahl og Aase Ulla formulerte derfor ei forslag til kommunestyret, med følgande ordlyd:

Pål Grødahl og Aase Ulla seier nei til reservasjonsrett

Foto: Vikebladet

Kriteria for om ein lege kan fritakast for å tilvise til abort, bør vere nasjonale og ikkje opp til kvar einskild kommune.

Ulstein kommunestyre meiner helsetenesta i første rekke må ta omsyn til kvinna. Kommunestyret har respekt for enkelte legars ønskje om å reservere seg mot å tilvise til abort men finn at ein pasient sine rettighetar til øyeblikkeleg oppfølging veg tyngst. Kommunestyret støttar difor ikkje regjeringa si opning for reservasjonsmoglegheit for legar.”

Aase Ulla

Foto: Per Eide

Fleire av kommunestyrerepresentantane ga uttrykk for at dette forslaget var enklare å forhalde seg til, og mange meinte det var viktig med presiseringa om at ein respekterte dei fastlækjarane som ønskte ei slik moglegheit for reservasjon. Ordføraren oppmoda dei to grupperingane om å lage eit felles forslag. Det fekk dei ikkje til, men den tverrpolitiske trioen modifiserte sitt framlegg med å trekke inn deler av Grødahl/Ulla sitt forslag og tok ut setningen som Grødahl hadde reagert på.

Med denne modifiseringa blei det tverrpolitiske forslaget vedtatt. Grødahl og Ulla valde å stå på forslaget sitt, som då fekk dei to stemmene.


http://www.vikebladet.no/nyhende/article9320519.ece

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**