Tale til årsmøtet ved førstekandidat Sveinung Rotevatn

Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre er opna og 45 delegatar utanom observatørar er klar for gode debattar og viktige vedtak på Skei Hotell i Jølster. Sveinung Rotevatn sin tale til fylkesårsmøtet kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Sveinung Rotevatn talte til fylkesårsmøtet

Sveinung Rotevatn talte til fylkesårsmøtet
Foto: Sogn og Fjordane Venstre

“Først vil eg takke for tilliten de viste meg på nominasjonsmøtet, tilliten som førstekandidat til stortingsvalet. Eg håpar eg klarer å vise meg den tilliten verdig, både gjennom den lange og tøffe stortingsvalkampen vi no skal gjennom — og forhåpentlegvis som stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane dei neste fire åra.

Dette fylket har alt for lenge stått med lua i handa når viktige avgjersler vert tekne. I fjor besøkte næringsminister Trond Giske fylket, og avisa Firda kommenterte: «363 av årets dagar hissar sogningar og fjordingar kvarandre opp om korleis vegstandarden hemmar utviklinga og busetnaden i fylket. Så kjem ein heilproff og talefør minister på to dagars besøk (…) — og nær 120 delegatar på Aps fylkesårsmøte applauderer som fjortisar på Melodi Grand Prix-show i Florø. (…) Ingen slo heller i bordet medan [helseminister Anne Grether Strøm Erichsen] var gjest og tilhøyrar under Aps fylkesårsmøte dagen etter. Men straks statsråden var undervegs til Bringeland, var helseslagsmålet i gang i salen. Her i fylket slåst vi med kvarandre, men når Makta kjem, bøyer vi hovudet for stjernene.»

 Fylkesårsmøte på Skei Hotell i Jølster

Fylkesårsmøte på Skei Hotell i Jølster
Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Den kommentaren i Firda handla om Arbeidarpartiet. Men eg trur diverre han gjeld for langt fleire enn dei. Eg trur han tek på kornet ein mentalitet som har fått råde grunnen alt for lenge i fylket. Ein mentalitet der ein gjerne kan snakke stygt om «dei der inne i Oslo» når ingen ser på. Men så snart ein faktisk får sjansen til å påverke ein politisk prosess, til å få ei hand på rattet — så vil ein ikkje. Vågar ikkje. Klarar ikkje.

Sveinung Rotevatn

Det er på høg tid at vi, som toppar dei fleste statistikkar for livskvalitet, som har landets beste skule, og som eksporterer for nesten ein halv million kroner per arbeidstakar viser at vi er eit fylke ein må rekne med. Det er meir enn nok av backbencharar og stemmekveg på Stortinget. Eg ser ingen grunn til at Sogn og Fjordane skal vere halde fram som storleverandør av dei. Tvert imot, dersom eg får tillit frå veljarane i dette fylket lovar eg å vere eit tydeleg og uredd røyst, både i stortingssalen, i partet og i media. Ein politikar som folk i fylket kjenner til, respekterer og stolar på.

Det er ingen tvil om at vi treng eit større Venstre på Stortinget, noko som også vil vere nøkkelen for å få til eit regjeringsskifte. Hovudproblemet med dagens regjering er at dei har store pengar, men små tankar. Den raudgrøne regjeringa har dratt oss gjennom åtte tapte år for Noreg. Åtte tapte år for høgare utdanning og forsking, åtte tapte år for modernisering av offentleg sektor, åtte tapte år for å skape framtidas grøne energinæring.

Likevel vil dei gjere desse åtte tapte åra til 12. Arbeidarpartiet sitt slagord for valkampen er «Vi tar Norge vidare». Makan til arroganse. Som om Noreg skulle vere ein eller annan slags hest, der Jens Stoltenberg held i taumane og styrer oss i rett retning. Du må vere sosialdemokrat for å tenkje slik.

Venstres slagord er «Folk først». Men om det ikkje var det, burde det nesten vore ein litt annan versjon av Ap-slagordet. Nemleg «Du tar Norge vidare».

Vi som eit liberalt parti tek nemleg ikkje mål av oss om å byggje eit gigantisk samleband av eit samfunn, der ein ingeniør frå Arbeidarpartiet sit på toppen og sørgjer for at alle held seg til si oppgåve, og smører maskineriet med litt oljepengar av og til.

Vi som eit liberalt parti trur på deg. På enkeltmennesket. På at eit god samfunn er eit samfunn der kvar og ein av oss står fritt til å forfølgje våre draumar og amibisjonar, der dei beste ideane framleis ikkje skapt, der dei nye næringane ikkje er påtenkt endå, og der mangfald ikkje er noko ein skal vere på vakt mot — det er noko ein skal dyrke.

Ein stad der vi er nødt til å dyrke mangfaldet er i skulen. Vi har rett og slett ikkje noko val. For den sosialdemokratiske einskapsskulen, der målet er at vi alle skal bli gagns menneske, er diverre tilpasse ein gjennomsnittselev som ingen endå har møtt. Vi er eit av verdas desidert rikaste land. Men vi har ein skule som er sørgjeleg gjennomsnitteleg. Etter at vi fekk gjennomført kunnskapsløftet då vi var i regjering sist, har i det minste skulen gått frå å vere under snittet til å bli på snittet. Men vi må ha langt høgare ambisjonar enn som så.

Det er uendeleg med gode føremål i skulen. Og de kjem til å høyre mykje om dei fram mot valet. Gratis skulemat, meir gym, idrett og kultur, SFO for alle. Gode føremål kvar for seg, men summen blir heildagsskulen. Det er ikkje Venstre sitt mål. Vi trur ikkje at ein middelmådig film blir betre av å gjere den to timar lenger.

Vårt fokus er kvalitet, kvalitet, kvalitet. Difor går vi til val på eit lærarløft, der målet er at læraryrket skal vere staden der alle dei smartaste hovuda søkjer. Det handlar om å gjere om lærarutdanning til ei mastergrad. Det handlar om mindre byråkrati og større pedagogisk fridom til den enkelte lærar, slik at undervisninga kan tilpassast den enkelte elev og den enkelte klassa. Og det handlar om å sikre etter- og vidareutdanning for alle, samstundes som det er mogleg å gjere karriere som lærar, med lønsmessig og fagleg utvikling. Venstre set eleven først, difor satsar vi på læraren.

Skal vi skape eit samfunn der alle kan nå sine mål i livet, må vi ikkje berre gje alle eit best mogleg utgangspunkt gjennom skulen. Vi må også sørgje for at kunnskap og pågangsmot kan prøvast ut i praksis, gjennom eit næringsliv der det løner seg å satse, der det løner seg å arbeide, og der det løner seg å skape arbeidsplassar. Talet på unge gründarar synk i Noreg. Det er svært dramatisk for eit land som er så til dei grader avhengig av petroleumssektoren, ei ikkje-fornybar næring, og eit land som derfor ikkje har noko anna val enn å leve på kunnskap og innovasjon i framtida.

Venstre vil la gründeren skape. Då må vi ha lågare skattar på arbeid og verdiskaping, til dømes gjennom å fjerne formuesskatten. Vidare må vi gjennomføre Venstres kapitalreform, som vil gjere det langt meir lønsamt over skatteseddelen å investere i nystarta bedrifter, slik at dei kan få kapital til å tilsetje fleire og bli store. Og så må vi gje gründarar og sjølvstendig næringsdrivande like sosiale rettar som andre arbeidstakarar.

Det vi ikkje må gjere, er å skape utryggleik rundt dei viktigaste rammevilkåra for norske bedrifter. Det siste halvåret har den raudgrøne regjeringa skapt konstant uro rundt vårt forhold til våre næraste allierte og handelspartnarar. Først gjennom å auke tollmurane rundt landet vårt midt i ei krisetid for Europa, noko som har skapt svært sterke reaksjonar frå mellom anna Sverige og Danmark. Deretter gjennom å skape stor utryggleik rundt EØS-avtalen, vårt viktigaste tryggingsnett for å kunne handle på like vilkår med våre naboland. Å gamble med ein avtale som regulerer 80 prosent av all vår eksport, er svært høgt spel — med alt for høg risiko. Det veit vi, som kjem frå den eksporterande delen av landet, som alltid har levd med beina godt planta i norsk jord – og blikket vendt mot resten av verda.

Ein annan ting vi ikkje bør gjere, er å la ikkje-fornybare næringsinteresser øydeleggje naturen vår. Om vi snakkar om giftdumping i Førdefjorden, eller oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen, er situasjonen den same. Arbeidarpartiet, Høgre og Frp let seg styre av store marknadsaktørar og interesseorganisasjonar. Venstre let seg styre av omsynet til komande generasjonar. Dei siste vekene har det gått ein hard debatt om oljeboring i nokre av våre vakraste og viktigaste havområde. Lofoten og Vesterålen er heim for verdas største gjenverande torskebestand. Seismikkskyting og oljeutslepp i dette området er å gamble med vår og verdas viktigaste ressurs. Det er ikkje olje. Det er mat.

Dessutan fortel det internasjonale energibyrået oss at dersom vi skal ha sjans til å bremse klimaendringane før dei vert heilt uhandterlege, må meir enn 2/3 av verdas oppdaga fossile ressursar få ligge i fred. Og det er ikkje berre verdas fattigaste land som må skru på bremsene. Det må også vi i verdas rikaste land. Så er jo spørsmålet: Dersom ikkje Lofoten og Vesterålen er staden der vi bør skru på bremsene — kvar i alle dagar skal vi gjere det då?

Det å sikre omsynet til komande generasjonar, og til eit grønt og humant samfunn, er ein av dei viktigaste grunnane til å stemme Venstre ved valet 9. september. Fordi det går mot eit regjeringsskifte, og vi kjem til å jobbe for eit regjeringsskifte. Om ikkje anna så fordi ein auke i fattige born, samstundes som statsbudsjettet har auka med 400 milliardar kroner, er ein solid avskjedssøknad frå Audun Lysbakken, Liv Signe Navarsete og co.

Men det er ein enorm skilnad på om det komande regjeringsskiftet vert mørkeblått, eller om det vert blågrønt. Berre ei regjering med Venstre vil sikre ein skule der ungane våre lærer for livet, ikkje berre for næringslivet. Berre ei regjering med Venstre vil ha den liberale ryggmargsrefleksen som skal til for å sikre personvernet i ein digital tidsalder, og å løyse sosiale problem som tigging med sosiale verkemiddel, ikkje straffelova. Og berre ei regjering med Venstre vil sikre vern av sårbare havområde, eit skifte frå raud til grøn skatt og eit løft for fornybarnæringa som gjer at vi kan skape framtidas arbeidsplassar – og bli Europas grøne batteri.

Denne regjeringa kan vi få, folkens. Men det er berre éin måte det kan skje på. Det er ikkje ved at Trine Skei Grande gjer fantastiske TV-debattar, eller at vi trykker opp endå fleire glinsande brosjyrar. Det er ved at de får vener, familie og kollegaer til å stemme på Venstre. Val vert vunne ei stemme av gongen. Kvart handtrykk tél. Og eg som stortingskandidat er heilt avhengig av at hundrevis av venstrefolk i Sogn og Fjordane går rundt i sine lokalsamfunn med venstrepin, med sjølvtillit og med stoltheit over å vere medlemmar i Noregs eldste parti.

Eg håpar eg får sjansen til å representere dette fylket på Stortinget frå hausten av. For fylket vårt treng nye krefter på Stortinget, og landet vårt treng nye krefter i regjeringskontora. Det er langt fram, og vi har frykteleg dårleg tid. Arbeidet startar no.

Takk for meg”

Her er artikkel på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**