Auka pant for eit betre miljø

Panten på emballasjen til mineralvatn har ikkje auka på tjuetre år. I dag, som i 1986, er panten på halvlitersflasker èi krone. Returandelen ved bruk av pant er samanlikna med andre innsamlingsmetodar god, men dersom ein skal oppretthalde ein god returandel, bør panten tredoblast og med jamne mellomrom indeksregulerast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Tomflasker, flasker

Foto: Microsoft

For få år sidan vart det opna for sal av mineralvassflasker utan pant. Sogn og Fjordane Venstre ser på disse flaskane som ei utholing av panteordninga og eit veksande miljøproblem. Slike flasker er også eit problem for butikkane som må ta hand om flaskene som kundane har sett frå seg ved panteautomatane. Ordninga med pantefrie flasker må avviklast, og det må skapast gode ordningar for lokale småskalaprodusentar, slik at også deira flasker kan pantast.

Sogn og Fjordane Venstre vil også innføre pant på mellom anna batteri. Dagens panteautomatar kan med enkle grep omprogrammerast til også å ta i mot desse.

For Venstre er det viktig å legge til rette for eit miljøvenleg samfunn. Auka pant vil gje eit økonomisk incentiv for gjenvinning, og sikre at det også på dette området løner seg å vere miljøvenleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**