Venstre vil la kommunane tene meir på vindkraft

– Kommunane bør få behalde meir av verdiskapinga som skjer lokalt, og det skal løne seg for kommunane å legge til rette for og bidra til miljøvenleg næringsutvikling, meiner førstekandidat til Stortinget, Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Stortinget behandla i dag (onsdag) eit framlegg frå Venstre og dei øvrige opposisjonspartia, der vi foreslår å utgreie rammevilkår for vindkraftproduksjons slik at lokalsamfunn og kommunar kan sikrast ein den av grunnrenta, og få kompensasjon for lokale miljøulemper.

– Noreg har store vindressursar, og ein monaleg del av den auka produksjonen av elektrisk kraft frå fornybare energikjelder vil truleg kome frå vindkraft. Som følgje av elsertifikatmarknaden er det blitt fremja ei lang rekkje prosjekt for utbygging av vindkraft, og ved årsskiftet var det 111 søknadar til handsaming hos Noreg vassdrags- og energidirektorat (NVE), påpeikar Sveinung Rotevatn.

– Vindkraftutbygging er positivt, men er arealkrevjande og kan vere synleg frå store områder. Vi skal vere opne om at utbyggingane kan vere kontroversielle når dei kjem i konflikt med naturinteresser, men også med næringsinteresser som er viktige for lokalsamfunnet, som til dømes reise- og friluftsliv, hytter og reindrift. Vi meiner difor at vertskommunane bør få ein rett til økonomisk kompensasjon for lokale miljøulemper som følgje av vindkraftutbyggingar, seier Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn peikar på at vindkraftutbyggingar har fleire likskapstrekk med vasskraftutbyggingar. Ein utnyttar ein evigvarande energiressurs, og ressursane må utnyttast der dei er. Slik ressurstilgang, anten det er snakk om vind eller vatn, gjev opphav til grunnrente. Då er det viktig å innføre eit skatte- og konsesjonsregelverk for vertskommunane for vindkraft som sikrar desse kommunane ein del av den grunnrenta for vindkrafta kan gje opphav til, avsluttar Venstre sin førstekandidat, Sveinung Rotevatn.

Dette er framlegget som blei fremma i Stortinget onsdag:
“Stortinget ber regjeringa nedsette eit utval som skal utgreie korleis dei skatte- og konsesjonsmessige rammevilkåra for vindkraftproduksjon kan utformast slik at lokalsamfunn det vedkjem blir sikra ein del av grunnrenta frå vindkraftproduksjon og kompensasjon for lokale miljøulemper.”

Dei raudgrøne regjeringspartia ynskjer ikkje å styrke kommunane sitt inntektsgrunnlag på denne måten, og har difor innstilt på å avvise framlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**