Krev oljefri sone langs kysten

Stortinget behandla i dag forvaltningsplan for det marine miljøet i Nordsjøen og Skagerak. Venstre foreslår at det skal opprettast eit oljefritt kystbelte på 35 km langs kysten, slik at det ikkje skal vere mogleg å setje i gang ny petroleumsverksemd i kystnære områder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

– Kystnær petroleumsverksemd medfører auka risiko for miljøskade ved oljeutslepp, og vi bør difor ha ei fast grense for kor nært land vi opnar for oljeboring, seier Sveinung Rotevatn, førstekandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane Venstre.

– Risikoen er spesielt stor for sjøfugl og andre sårbare artar i kystsona. Vi har alle sett grusomme bilete av konsekvensane for fuglelivet etter oljeutslepp, og ei grense på 35 km kan utgjere skilnaden på om oljeutslepp når land eller om vi klarar å stanse det i tide, seier Rotevatn vidare, og viser til oppslag i Dagsavisen 17. juni (http://www.dagsavisen.no/samfunn/oljeutslipp-hver-eneste-dag/) om at det førekjem utslepp frå norsk sokkel kvar einaste dag. Han meiner det er avgjerande å få på plass ei slik grense for å sikre god nok beredskap mot oljeutslepp.

– Erfaringar frå tidlegare kystnære analysar viser at drivtida for oljeutslepp 50 km frå kysten er kort, i verste fall heilt ned til 1-2 døgn. Dess nærare kysten eit potensielt utslepp skjer, dess kortare tid tek det før utsleppet når land. Handlingsrommet for handtering av olje før stranding blir mindre og sannsynet for å råke viktige sjøfuglområder og andre viktige verdiar på kysten blir større når vi ikkje har ei grense for oljeverksemd nær kysten, seier Rotevatn.

– I denne saka har vi høve til å få på plass eit regelverk som reduserer sjansen for skadar som følgje av oljeulykker i viktige kystområder. Det er synd at SV og regjeringa let denne sjansen til å få på på plass vern av sårbare områder også i dei sørlege delane av Noreg gå frå seg, avsluttar Rotevatn.

Venstre fremjar følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa innføre ei grense på minimum 35 km frå land der det ikkje skal opnast for ny oljeverksemd. I tillegg skal det ikkje opnast for oljeproduksjon i dei områda som i dag er stengde for slik verksemd. Ei slik sone vil gje viktig vern til dei kystbundne sjøfuglane langs kysten, for andre verdiar i kystsona, og for verdiar i kystbeltet.

Framlegget er i tråd med innspel frå fleire høyringsinstansar, mellom dei Naturvernforbundet, Fiskeridirektoratet, og Direktoratet for naturforvaltning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**