Sjekka miljøet til havs

Dykking sto på planen, då Venstres 1.kandidat i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn vitja Gulen onsdag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung i Gulen RIB

Det var fridykkarane i verksemda Frivannsliv på Mjømna som sto for det friskaste innslaget under Rotevatn sitt Gulenbesøk. Dei fekk politikaren inn i ei våtdrakt, og tok han med ut på fridykking i Gulenskjærgarden. – Målet er å vise kva for eit fantastisk matfat sjøen er, seier ein entusiastisk fridykkarguide Simen Wilberg, i Frivannsliv.

Biologisk mangfald
Frå Mjømna gjekk turen i RIB-båt til Litle Kvernøy, eit av mange attraktive områder for fridykking og undervassjakt. – Venstre har faktisk programfesta å starte ei kartlegging av det biologiske mangfaldet i sjøen. Dette blir på ein måte å starte på den jobben alt no. Slik sett kunne eg ikkje sei nei til dette, seier ein spent Rotevatn, på veg til feltet.

Sveinung i Gulen
Sveinung i Gulen
Sveinung i Gulen

Ved Litle Kvernøy får Wilberg og Rotevatn ein god halvtime i sjøen, til å utforske livet under vatn, og å ordne med lunch. Tilbake på Mjømna tek det Wilberg få minutt å gjere tre ferske kamskjel om til det herlegaste sushimåltid. -I valkampen går det i bilkøyring og baconpølser. Å komme ut her og plukke slike delikatesser rett opp av havet er jo heilt fantastisk, utbryt ein smørblid Sveinung Rotevatn.

Naturvern til havs
Men heile stuntet har også eit meir alvorleg bakteppe for dei to. Wilberg peikar på at medan ein har komme så langt at ein ikkje hiv bosset rundt på land, verkar det for mange framleis å vere fritt fram i sjøen. Særleg oppteken er han av det planlagde gruvedeponiet i Førdefjorden.

-Det å sanke mat frå hav og fjord er en viktig del av kystarven og for folket langs kysten vår. Å bruke matfatet vårt som et deponi for avfallsstoff med påfølgande ødelegging og forgifting av store og sårbare havområde er eit hån.

Rotevatn viser til at fjorddeponiet er planlagt i ein av dei reinaste fjordane i landet, i eit viktig gyteområde for kysttorsk, og i strid med anbefalingane frå Havforskingsinstituttet. -Det at folk kan hauste av havet slik vi har gjort i dag, er strålande. Men sjøen er også grunnlaget for enorme fornybare resursar innan fiskeri og havbruk. Desse resursane må forvaltast berekraftig, då kan ein ikkje gamble med det marine miljøet, slik ein gjer både i Førdefjorden og ved Fedje, seier venstrepolitikaren.

Dei som var med Sveinung Rotevatn i Gulen var Simen Wilberg (gründer og fridykkar i Frivannsliv), Kjetil Hantveit (gründer i Fjordgiding), frå Gulen Venstre Margrethe Thune Trædal og lokallagsleiar Bjarte Undertun

Sveinung i Gulen
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**